Regionale innstillingar

Set innstillingane for autoretting av hermeteikn og for språkavhengige innstillingar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Lokaliserte val


Vel om utbytingane skal skje medan du skriv [T] eller når du endrar eksisterande tekst [M].

Legg til hardt mellomrom før bestemte skiljeteikn i fransk tekst

Set inn eit hardt mellomrom før «;», «!», «?», «:» og «%» når språket er sett til fransk (Frankrike, Belgia, Monaco eller Sveits) og berre føre «:» når språket er sett til fransk (Canada).

Formater suffiks for ordenstal (1st → 1st)

Formaterer tekstdelen av ordenstal, som 1st, 2nd eller 3rd, som heva skrift. For eksempel vert 1st konvertert til 1st i engelsk.

Merknadsikon

Merk at dette gjeld berre for språk som kan formatera ordenstal som heva skrift.


Enkle hermeteikn / doble hermeteikn

Set inn teikna som skal brukast i staden for enkle og doble hermeteikn (sitatteikn).

Byt ut

Byter automatisk standardsymbola for den oppgjevne hermeteikntypen med dei teikna du vel.

Starthermeteikn

Vel spesialteiknet som skal erstatta det gjeldande opningssitatteiknet i dokumentet når du vel Verktøy → Autoretting → Bruk.

Slutthermeteikn

Vel spesialteiknet som skal erstatta det gjeldande sluttsitatteiknet i dokumentet når du vel Verktøy → Autoretting → Bruk.

Standard

Set sitatteikna tilbake til standardsymbola.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.