Innstillingar

Vel alternativa for automatisk retting av skrivefeil medan du skriv og trykk OK.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting → Innstillingar


Erstatningstabell

Dersom du skriv inn ein bokstavkombinasjon som svarar til ein snarveg i erstatningstabellen, vert bokstavkombinasjonen byt ut med erstatningsteksten.

Rett opp to STore BOkstavar først i orda

Viss du skriv inn to store bokstavar først i eit «ORd», vil den andre store bokstaven automatisk verta erstatta med ein liten bokstav.

Stor bokstav først i alle setningar.

Gjer at alle setningar byrjar med ein stor bokstav.

Automatisk *halvfeit*, /kursiv/, -gjennomstreka- og _understreka_

Legg automatisk til halvfeit, kursiv, gjennomstreking og understreking til tekst som er omslutta av stjerner (*), skråstrekar (/), bindestrekar (-) eller understreking (_). Desse teikna forsvinn når formateringa er lagt til.

Merknadsikon

Denne funksjonen verkar ikkje viss formateringsteikna * / - _ er sett inn med ein skrivemetode.


Adresse-gjenkjenning

Opprettar automatisk ei hyperlenkje når du skriv inn ei nettadresse.

Byt ut bindestrekar

Erstattar ein eller to bindestrekar med ein tankestrek (sjå tabellen under).

Tekst vert erstatta etter at du har skrive inn eit blankt teikn (mellomrom, tabulator eller linjeskift). I tabellen nedføre representerar A og B tekst som består av bokstavane A til z eller sifra 0 til 9.

Tekst som du skriv inn:

Resultatet du får:

A - B (A, mellomrom, minus, mellomrom, B)

A – B (A, mellomrom, tankestrek, mellomrom, B)

A -- B (A, mellomrom, minus, minus, mellomrom, B)

A – B (A, mellomrom, tankestrek, mellomrom, B)

A--B (A, minus, minus, B)

A—B (A, lang tankestrek, B)
(sjå notatet under tabellen)

A-B (A, minus, B)

A-B (uendra)

A -B (A, mellomrom, minus, B)

A -B (uendra)

A --B (A, mellomrom, minus, minus, B)

A –B (A, mellomrom, tankestrek, B)


Merknadsikon

Viss teksten har ungarsk eller finske språkattributt, vert to bindestrekar i sekvensen A--B erstatta av ein kort tankestrek i staden for ein lang tankestrek.


Ignorer doble mellomrom

Erstattar to eller fleire etterfølgjande mellomrom med eitt enkelt mellomrom.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.