Autoretting

Vel innstillingar for å byta ut tekst automatisk medan du skriv.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting


Innstillingane for autoretting vert brukte når du trykkjer mellomromstasten etter at du har skrive inn eit ord.

For å slå av autorettinga bruker du i LibreOffice Calc Verktøy → Autoinntasting og i LibreOffice Writer Verktøy → Autoretting → Ved skriving. For å bruka innstillingane for autoretting i heile tekstdokumentet, vel Verktøy → Autoretting → Bruk.

Byt ut

Rediger erstatningstabellen for automatisk retting eller erstatning av skrivefeil eller forkortingar i dokumentet.

Unntak

Skriv inn kva forkortingar eller bokstavkombinasjonar du ikkje vil at LibreOffice skal retta automatisk.

Innstillingar

Vel alternativa for automatisk retting av skrivefeil medan du skriv og trykk OK.

Regionale innstillingar

Set innstillingane for autoretting av hermeteikn og for språkavhengige innstillingar.

Dialogknappar

Tilbakestill

Set dei endra verdiane tilbake til dei førre verdiane i fana.

Avbryt

Lukker dialogvindauget og avbryt alle endringar.

OK

Lagrar alle endringane og lukker dialogvindauget.