Rediger ordliste
Rediger kinesisk omsetjing-termane.
Du kan bruka dette dialogvindauget til å redigera, leggja til eller sletta oppføringar i konverteringsordlista. Namnet på filstien for konverteringsordlista er «user/wordbook/commonterms.ctd». Du kan ikkje sletta standardoppføringane i denne fila.
Tradisjonell kinesisk til forenkla kinesisk
Omset tradisjonell kinesisk til forenkla kinesisk.
Forenkla kinesisk til tradisjonell kinesisk
Omset forenkla kinesisk til tradisjonell kinesisk.
Omvend tilordning
Legg automatisk til den omvendte tilordninga i lista for kvar endring du fører opp.
Uttrykk
Skriv inn teksten du vil byta ut termen med.
Tilordning
Skriv inn teksten du vil byta ut termen med.
Eigenskap
Klassifiserer den valde termen.
Legg til
Legg termen til i omsetjingsordboka. Dersom termen alt er i ordboka får den nye termen forrang.
Endra
Lagrar den endra oppføringa i databasefila.
Slett
Slettar den merkte sjølvvalde oppføringa frå ordboka.