Kinesisk konvertering

Omset den valde kinesiske teksten frå eitt kinesisk skriftsystem til eit anna. Dersom du ikkje har velt nokon tekst, vert heile dokumentet omsett. Du kan berre bruka denne kommandoen når støtte for asiatiske språk er slått på i Verktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Språk → Kinesisk omsetjing. (Støtte for asiatiske språk må vera slått på)


Omgjeringsretning

Vel omgjeringsretninga.

Tradisjonell kinesisk til forenkla kinesisk

Omset tradisjonelle kinesiske teikn til forenkla kinesiske teikn. Trykk OK for å omsetja den valde teksten. Om du ikkje harvalt nokon tekst, vert heile dokumentet omsett.

Forenkla kinesisk til tradisjonell kinesisk

Omset forenkla kinesiske teikn til tradisjonelle kinsesiske teikn. Trykk OK for å omsetja den valde teksten. Om du ikkje har valt nokon tekst, vert heile dokumentet omsett.

Felles termar

Felles termar er ord som tyder det same i tradisjonell og forenkla kinesisk, men som vert skrivne med ulike teikn.

Omset felles uttrykk

Omset ord på to eller fleire teikn som er med i lista over vanlege termar. Etter at lista er lesen, vert resten av teksten omsett teikn for teikn.

Rediger uttrykk

Opnar dialogvindauget Rediger ordbok der du kan redigera lista over omsetjingstermar.