Språk

Opnar ein undermeny der du kan velja språkbestemte kommandoar.

Hangul/Hanja-konvertering

Gjer om den valde koreanske teksten frå Hangul til Hanja eller omvendt. Menykommandoen kan berre brukast dersom støtte for asiatiske språk er slått på under → Språkinnstillingar → Språk og ein tekst formatert på koreansk er vald.

Kinesisk konvertering

Omset den valde kinesiske teksten frå eitt kinesisk skriftsystem til eit anna. Dersom du ikkje har velt nokon tekst, vert heile dokumentet omsett. Du kan berre bruka denne kommandoen når støtte for asiatiske språk er slått på i Verktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk.

Synonymordbok

Byt ut ordet med eit synonym eller eit relatert uttrykk.

Hent fleire ordlister frå Internett

Opnar nettsida for ordlisteutvidingar i nettlesaren.