Stave- og grammatikk-kontroll

Kontrollerar dokumentet eller den merkte teksten for stavefeil. Viss det er installert utviding for grammatikkontroll, vert det også kontrollert for grammatiske feil.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Stavekontroll

F7-tasten

Standardlinja, trykk

Ikon

Stavekontroll


Stave- og grammatikkontroll

Stavekontrollen byrjar ved markøren, og held fram til slutten av dokumentet eller den markerte teksten. Du kan då velja å halda fram med stavekontrollen frå byrjinga av dokumentet, eller å avslutta.

Stavekontrollen ser etter ord med stavefeil og let deg leggja eit ukjent ord til i ei brukarordliste. Når det første feilstava ordet vert funne, vert dialogvindauget Stavekontroll opna.

Viss det også er installert grammatikkontroll, vert dialogvindauget kalla Stave- og grammatikkontroll. Stavefeil vert understreka med raudt, grammatiske feil med blått. Dialogen viser først alle stavefeil og så alle grammatiske feil.

Aktiver Kontroller grammatikk for først å arbeida med alle stavefeila og deretter med grammatiske feil.

Finst ikkje i ordlista

Uthevar setninga med det feilstava ordet. Du kan endra ordet eller setninga eller velja eitt av framlegga i tekstboksen nedanfor.

Forslag

Lister forslag til ord som kan erstatta det feilstava ordet. Merk ordet du vil bruka og klikk på Rett eller Rett alle.

Tekstspråk

Vel kva språk stavekontrollen skal sjekka i høve til.

Det er eit kryss framfor ei språkoppføring dersom ho er aktivert for dette språket.

Innstillingar

Opnar eit dialogvindauge der du kan velja sjølvvalde ordbøker og setja opp reglane for stavekontrollen.

Legg til i ordlista

Legg det ukjende ordet til i den sjølvvalde ordlista.

Ignorer ei gong

Hoppar over det ukjende ordet og held fram stavekontrollen.

Merknadsikon

Denne knappen vert endra til Hald fram viss du lar stavekontrolldialogvindauget vera ope medan du går tilbake til dokumentet. For å fortsetja stavekontrollen, trykk på Hald fram.


Ignorer alle

Held fram med stavekontrollen, men hoppar over alle førekomstar av det ukjende ordet i heile den gjeldande LibreOffice-økta.

Rett

Byter ut det ukjende ordet med framlegget. Om du har endra meir enn berre det feilstava ordet, vert heile setninga bytt ut.

Rett alle

Byter ut alle førekomstar av det ukjende ordet med framlegget.

Angra

Trykk for å angra siste steget i stavekontrollen. Trykk ein gong til for å angra steget før og så vidare.