Fordeling

Fordeler tre eller fleire objekt jamt langs den vassrette eller loddrette aksen. Du kan også fordela avstanden mellom objekta jamt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Endra – Fordeling (LibreOffice Draw)

Opna sprettoppmenyen og vel Fordeling (LibreOffice Impress)


Objekta er fordelte i høve til dei yttarste objekta i utvalet.

Vassrett

Vel den vassrette fordelinga av dei merkte objekta.

Ingen

Fordeler ikkje objekta vassrett.

Venstre

Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at den venstre kanten på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Midtstilt

Fordeler dei valde objekta vassrett jamt utover slik at midtpunktet på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Avstand

Fordeler dei valde objekta vassrett jamt utover slik at mellomrommet mellom kvart objekt er like langt.

Høgre

Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at den høgre kanten på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Loddrett

Vel den loddrette fordelinga av dei valde objekta.

Ingen

Fordeler ikkje objekta loddrett.

Topp

Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at den øvre kanten på kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Midtstilt

Fordeler dei valde objekta loddrett jamt utover slik at midtpunktet til kvart objekt er like langt frå kvarandre.

Avstand

Fordeler dei valde objekta loddrett jamt utover slik at mellomrommet mellom kvart objekt er like stort.

Botn

Fordeler dei valde objekta jamt utover slik at den nedre kanten på kvart objekt er like langt frå kvarandre.