Skugge

Set skuggen og skuggeinnstillingane for det merkte 3D-objektet.

For å bruka denne funksjonen …

Opna lokalmenyen (høgreklikk) for 3D-objektet og vel fana Format → 3D-effektar → Skuggelegging


Skuggelegging

Vel skuggetypen som skal brukast på det valde 3D-objektet.

Meir

Vel kva for skuggelegging du vil bruka. Flat skugge gjer kvar enkelt mangekant på overflata einsfarga «Gouraud-skuggelegging» avstemmer fargane over mangekantane. «Phong skuggelegging» gjev eit omtrentleg gjennomsnitt av fargen på kvar piksel ut frå pikslane omkring og treng mest prosessorkraft.

Skugge

Legg til eller fjernar ein skugge frå det valde 3D-objektet.

Ikon

3D-skuggelegging på/av

Overflatevinkel

Skriv inn ein vinkel mellom 0 og 90 grader for skuggekastinga.

Kamera

Vel innstillingane for det valde 3D-objektet.

Avstand

Vel avstanden mellom kameraet og midten av det valde objektet.

Brennvidde

Skriv inn brennvidda for kameraet. Ein liten verdi svarar til eit «fiskeauge-objektiv» og ein stor verdi til eit teleobjektiv.