Geometri

Justerer forma på det valde 3D-objektet. Du kan berre endra forma til eit 3D-objekt som er laga ved å omforme eit 2D-objekt. Du omformer eit 2D-objekt ved å merkja objektet og høgreklikka på det og velja Gjer om → Til 3D eller Gjer om → Til 3D, dreieobjekt.

For å bruka denne funksjonen …

Opna lokalmenyen (høgreklikk) for 3D-objektet og vel fana Format → 3D-effektar → Geometri


Geometri

Vel formeigenskapane for det valde 3D-objektet.

Avrunda kantar

skriv inn kor mykje hjørna skal avrundast i det valde 3D-objektet.

Skalert djupn

Skriv inn verdien for kor mykje området på framsida skal aukast eller minkast på det valde 3D-objektet.

Rotasjonsvinkel

Skriv inn kor mange grader det valde 3D-rotasjonsobjektet skal roterast.

Djupn

Skriv inn utdrivingsdjupne for det valde 3D-objektet. Dette valet er ikkje gyldig på roterte 3D-objekt.

Segment

Du kan endra talet på segment som skal brukast for å teikna eit 3D-roteringsobjekt.

Vassrett

Skriv inn kor mange vassrette segment som skal brukast i det valde 3d-rotasjonsobjektet.

Loddrett

Skriv inn kor mange loddrette element som skal brukast i det valde 3D-rotasjonsobjektet.

Normal

Let deg velja korleis 3D-overflata skal teiknast.

Objektbestemt

<ahelp Teiknar 3D-overflata ut frå forma på objektet. For eksempel vert ei rund form teikna opp som ei sfærisk flate.

Ikon

Objektbestemt

Flat

Teiknar 3D-overflata som mangekantar.

Ikon

Flat

Kuleforma

Teiknar ei glatt 32D-overflate.

Ikon

Kuleforma

Inverter normalane

Inverterer lyskjelda.

Ikon

Inverter normalane

Tosidig lyssetjing

<ahelp Lyser opp objekta frå utsida og innsida. For å bruka bakgrunnsbelysing, trykk på denne knappen og deretter på knappen Snu normalane.

Ikon

Tosidig lyssetjing

Doble linjer

Lukkar 3D-forma som vart laga ved å bruka Gjer om → Til 3D på ei frihandslinje.

Ikon

Doble linjer