Justering
Bestemmer justeringsvala for innhaldet i den gjeldande cella eller dei gjeldande cellene.
Vassrett
Vel den vassrette justeringa som skal brukast på celleinnhaldet.
Standard
Justerer tal til høgre og tekst til venstre.
Viss Standardinnstillingen er vald, vert tal justerte til høgre og tekst til venstre.
Venstre
Venstrejuster innhaldet i den valde cella.
Høgre
Høgrejuster innhaldet i den valde cella.
Midtstilt
Midtstiller innhaldet i cella vassrett.
Blokkjustert
Blokkjuster innhaldet i cella.
Fylt
Gjentar celleinnhaldet (tal og tekst) til det synlege området av cella er fylt. Denne funksjonen verkar ikkje med tekst som inneheld linjeskift.
Fordelt
Justerer innhaldet jamnt over heile cella. I motsetning til Justert, vert også teksten på den siste linja justert.
Innrykk
Innrykket frå den venstre sida vert sett så langt inn som du har bestemt.
Loddrett
Vel den loddrette justeringa som skal brukast på celleinnhaldet.
Standard
Justerer innhaldet i cella til botnen av cella.
Øvst
Plasser innhaldet øvst i cella.
Nedst
Plasser innhaldet nedst i cella.
Midt på
Midtstill innhaldet i cella loddrett.
Blokkjustert
Justerer celleinnhaldet til øvre og nedre cellekant.
Fordelt
Same som blokkjustert unntatt når tekstretninga er loddrett. Då vert verknaden den same som for vassrett fordelt, dvs. at også den siste linja vert justert.
Tekstretning
Innstillingar for tekstorientering for celleinnhaldet.
Klikk på dreieskiva for å setja tekstretninga.
Grader
Skriv inn rotasjonsvinkelen for teksten i dei merkte cellene. Eit positivt tal roterer teksten mot venstre, medan eit negativt tal roterer teksten mot høgre.
Referansekant
Vel kva for cellekant den roterte teksten skal skrivast frå.
-
Tekstutstrekning fra nederste cellekant: Skriv den roterte teksten frå den nedste cellekanten og utover.
-
Tekstutstrekking frå øvste cellekant: Skriv den roterte teksten frå øvre cellekant og utover.
-
Tekstutstrekking inne i celler: Skriv den roterte teksten berre inne i cella.
Loddrett stabla
Midtstill tekst loddrett.
Asiatisk utformingsmodus
Denne avkryssingsboksen er tilgjengeleg berre dersom støtte for asiatiske språk er slått på og tekstretninga er sett til loddrett. Justerer asiatiske teikn ovanfrå og ned i merkte celler. Viss cella eller cellene inneheld meir enn ei tekstlinje, vert linjene omforma til tekstkolonnar som vert ordna frå høgre til venstre. Vestlege teikn i den omforma teksten vert roterte 90 grader mot høgre. Asiatiske teikn vert ikkje roterte.
Eigenskapar
Bestemmer tekstflyten i ei celle.
Bryt tekst automatisk
Bryt teksten til neste linje ved cellekanten. Talet på linjer er avhengig av cellebreidda. For å setja inn ei manuell tekstbryting, trykk CmdCtrl + Enter i cella.
Orddeling på
Slår på orddeling for tekstbryting til neste linje.
Forminsk til cellestorleiken
Reduserer den synlege storleiken for skrifta, slik at innhaldet i cella får plass med den gjeldande cellebreidda. Du kan ikkje bruka denne kommandoen for ei celle som inneheld linjeskift.