Dialogvindauget for Fontwork (tidlegare versjon)

Rediger dei Fontworkeffektane til det valde objektet som vart laga med det førre dialogvindauget for Fontwork.

Merknadsikon

Dette Fontwork-vindauget er tilgjengeleg berre i gamle Writer tekstdokument som vart laga før OpenOffice.org 2.0. Du må først velja Verktøy → Tilpass for å leggja til ei menyoppføring eller ein knapp for å opna dette dialogvindauget.


Du kan endra utforminga av grunnlinja for teksten for å passa til ein halvsirkel, boge, sirkel eller ei frihandslinje.

Justeringsknappar

Den øvste rada inneheld desse grunnlinjeformene:Øvre halvsirkel,Nedre halvsirkel,Venstre halvsirkel og Høgre halvsirkel.

Den midtre rada inneheld desse grunnlinjeformene: Oppovervendt boge,Nedovervendt boge, Venstreboge og Høgreboge.

Den nedste rada inneheld desse grunnlinjeformene: Open sirkel, Lukka sirkel, lukka sirkel II og Open sirkel loddrett. For å oppnå best mogleg resultat, må teikneobjektet innehalda meir enn to linjer med tekst.

Fjern grunnlinjeformateringa.

Ikon

Av

Bruk topp- eller botnlinja av det valde objektet som grunnlinje til teksten.

Ikon

Roter

Bruk topp- eller botnlinja av det valde objektet som grunnlinje til teksten og hald på den opphavlege loddrette justeringa av enkeltteikna.

Ikon

Oppreist

Skråstill teikna i tekstobjektet (vassrett).

Ikon

Skråstill vassrett

Skråstill teikna i tekstobjektet (loddrett).

Ikon

Skråstill loddrett

Snur tekstretninga og snurr teksten vassrett eller loddrett. Du må først leggja til ei anna grunnlinje på teksten for å kunne bruka denne funksjonen.

Ikon

Presentasjon

Juster teksten heilt til venstre på grunnlinja til teksten.

Ikon

Venstrejustert

Midtstill teksten på tekstgrunnlinja.

Ikon

Midtstilt

Juster teksten heilt til høgre på grunnlinja til teksten.

Ikon

Høgrejustert

Endra storleiken på teksten så han passar til lengda av grunnlinja til teksten.

Ikon

Automatisk tekststorleik

Vel avstanden mellom grunnlinja for teksten og grunnlinja til dei enkelte teikna.

Ikon

Avstand

Vel avstanden mellom byrjinga av grunnlinja til teksten og byrjinga av teksten.

Ikon

Innrykk

Viser eller gøymer grunnlinja til teksten eller hjørna på objektet.

Ikon

Omriss

Vis eller gøym ramma på enkeltteikna i teksten.

Ikon

Tekstomriss

Fjern skuggeeffekten du brukte på teksten.

Ikon

Ingen skugge

Legg til ein skugge på teksten i det valde objektet. Trykk på denne knappen og skriv inn kor stor skuggen skal vera i boksane for Avstand X og Avstand Y.

Ikon

Loddrett

Legg til ein skråstilt skugge til teksten i det merkte objektet. Trykk på knappen og skriv inn kor stor skuggen skal vera i boksane for Avstand X og Avstand Y.

Ikon

Skråstill

Vassrett avstand

Skriv inn den vassrette avstanden mellom tekstteikna og kanten av skuggen.

Ikon

Avstand

Loddrett avstand

Skriv inn den loddrette avstanden mellom tekstteikna og kanten av skuggen.

Ikon

Avstand

Skuggefarge

Vel ein farge for tekstskuggen.