Posisjon og storleik

Endra storleiken på eller flytt det valde objektet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Posisjon og storleik → Posisjon og storleik


Posisjon

Bestem plasseringa av det valde objekt på sida.

Posisjon

Skriv inn den vassrette avstanden du vil flytta objektet i forhold til basispunktet merkt i rutenettet.

Posisjon

Skriv inn den loddrette avstanden du vil flytta objektet i forhold til basispunktet merkt i rutenettet.

Basispunkt

Trykk på eit grunnpunkt i rutenettet. Deretter vel du kor langt du vil forskyva objektet ut frå grunnpunktet du valde i boksane for posisjon Y og posisjon X. Grunnpunktet svarar til handtaka på eit objekt.

Storleik

Vel kor mykje du vil endra storleiken på det valde objektet i høve til grunnpunktet.

Breidd

Vel kor breitt det valde objektet skal vera.

Høgd

Vel kor høgt det valde objektet skal vera.

Same storleiksforholdet

Held på proporsjonane til objektet når du endrar storleiken på objektet.

Basispunkt

Trykk på eit basispunkt i rutenettet og skriv inn den nye storleiken på det valde objektet i boksane for høgd og breidd.

Verna

Posisjon

Hindrar endringar i posisjon og storleik på det valde objektet.

Storleik

Hindrar deg i å endra storleiken på objektet.

Tilpass

Bestemmer om storleiken på eit teikneobjekt skal tilpassast storleiken på den innskrivne teksten.

Tilpass breidd til tekst

Utvidar objektbreidda til å samsvara med tekstbreidda dersom objektet er mindre enn teksten.

Tilpass høgd til tekst

Utvidar objekthøgda til å samsvara med teksthøgda dersom objektet er mindre enn teksten.