Gjennomsikt
Vel innstillingar for gjennomsikt for fyllet som skal brukast på det valde objektet.
Gjennomsiktsmodus
Vel kva gjennomsiktstype du vil bruka.
Inga gjennomsikt
Slå av gjennomsiktige fargar. Dette erstandardinnstillinga.
Gjennomsikt
Skrur på gjennomsiktige fargar. Merk dette valet og skriv inn eit tal i boksen. 0% er full dekning (ikkje gjennomsiktig) og 100% er heilt gjennomsiktig.
Talknapp for gjennomsikt
Justerer kor gjennomsiktig den gjeldande fyllfargen skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (ikkje gjennomsiktig) og 100% (heilt gjennomsiktig).
Fargeovergang
Bruk fyllfargen til å laga ein gjennomsiktig fargeovergang. Etter å ha valt dette må du oppgje eigenskapane til fargeovergangen.
Type
Vel kva type gjennomsiktig fargeovergang du vil bruka.
Midtstilt
Vel kor langt du vil forskyva fargeovergangen vassrett.
Midtstilt
Vel kor langt du vil forskyva fargeovergangen loddrett.
Vinkel
Skriv inn rotasjonsvinkelen til fargeovergangen.
Kantlinje
Skriv inn kor mykje du vil justera det gjennomsiktige området av fargeovergangen. Standardverdien er 0%.
Startverdi
Skriv inn kor gjennomsiktig startpunktet til fargeovergangen skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (ikkje gjennomsiktig) og 100% (heilt gjennomsiktig).
Sluttverdi
Skriv inn kor gjennomsiktig endepunktet til fargeovergangen skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (ikkje gjennomsiktig) og 100% (heilt gjennomsiktig).
Førehandsvising
Bruk førehandsvisinga for å visa endringane før du bruker gjennomsikteffekten på fargefyllet til det valde objektet.