Skugge

Legg til ein skugge på det valde teikneobjektet og vel skugge-eigenskapane.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Område → Skugge


Eigenskapar

Set eigenskapane for skuggen.

Bruk skugge

Legg ein skugge til det merkte teikneobjektet.

Posisjon

Klikk der du vil plassera skuggen.

Avstand

>Skriv inn kor langt skuggen skal forskyvast frå det valde objektet.

Farge

Vel ein skuggefarge.

Gjennomsikt

Skriv inn kor gjennomsiktig skuggen skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (ikkje gjennomsiktig) og 100% (heilt gjennomsiktig).

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Skugge

Legg til skugge på det valde objektet. Viss objektet har skugge frå før, vert han fjerna. Viss du trykkjer på denne knappen utan å ha merkt eit objekt, vil det neste objektet du teiknar få skugge.

Ikon

Skugge