Skravering

Vel eit skraveringsoppsett, eller lagra og last inn ei skraveringsliste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Område → Skravering


Eigenskapar

Definera eller endra eit skraveringsmønster.

Avstand

Skriv inn kor stort mellomrom du vil ha mellom linjene i skraveringsmønsteret.

Vinkel

Skriv inn vinkelen linjene i skraveringsmønsteret skal vera orientert i. Du kan også bruka boksen med himmelretningar for å velja vinkel.

Filtype

Vel kva slag linjer som skal brukast til skraveringa.

Linjefarge

Vel kva farge som skal brukast på linjene i skraveringa.

Skraveringsliste

Lister dei tilgjengelege skraveringsmønstra. Du kan også endra og lage dine eigne mønster.

Legg til

Legg eit eigendefinert skraveringsmønster til lista. Oppgje eigenskapane til skraveringsmønsteret og trykk på denne knappen.

Endra

Kopierer eigenskapane frå det gjeldande skraveringsmønsteret til skraveringsmønsteret du har valt. Mønsteret kan lagrast under eit eige namn om du vil.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.