Fargeovergang

Vel innstillingane for ein fargeovergang, eller lagra og last inn ei liste over fargeovergangar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Område → Fargeovergang


Type

Vel fargeovergangen du vil bruka.

Midtstilt

Skriv inn den vassrette forskyvinga for fargeovergangen. 0% svarar til den gjeldande vassrette plasseringa av endepunktsfargen i fargeovergangen. Endepunktsfargen er den fargen du valde i Til-boksen.

Midtstilt

Skriv inn den loddrette forskyvinga til fargeovergangen. 0% svarar til den gjeldande loddrette plasseringa av endepunktsfargen i fargeovergangen. Endepunktsfargen er den fargen du valde i Til-boksen.

Vinkel

Skriv inn rotasjonsvinkelen til den valde fargeovergangen.

Kantlinje

Skriv inn kor mykje du vil justera området til endepunktsfargen i fargeovergangen. Endepunktsfargen er den du valde i Til-boksen.

Frå

Vel ein farge for startpunktet i fargeovergangen.

Skriv inn metting for fargen du valde i Frå-boksen. 0% svarar til svart, medan 100% svarar til den fargen du valde.

Til

Vel ein farge for endepunktet i fargeovergangen.

Skriv inn intensiteten for fargen du valde i Til-boksen. 0% svarar til svart, 100% svarar til den valde fargen.

Legg til

Legg ein eigendefinert fargeovergang til lista. Oppgje eigenskapane du vil at fargeovergangen skal ha før du trykkjer på denne knappen.

Endra

Kopierer eigenskapane frå den gjeldande fargeovergangen til den valde fargeovergangen. Du kan lagra fargeovergangen under eit anna namn.

Slett

Slettar elementet eller elementa etter stadfesting.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.