Område

Vel fyllstil på det valde teikneobjektet.

Du kan leggja til tilpassa fargar, fargeovergangar, skraveringar, tofarga mønster og biletmønster til standardlista for seinare bruk.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Område → Område

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen og vel fana Endra/Ny → Område (i presentasjonar)

Vel fana Format → Tittel → Område (i diagram).

Vel fana Format → Forklaring → Område (i diagram)

Vel fana Format → Diagramvegg → Område (i diagram)

Vel fana Format → Diagramgolv → Område (i diagram)

Vel fana Format → Diagramområde → Område (i diagram)

Vel fanen Lysbilete → Innstillingar → Bakgrunn (i LibreOffice Impress).

Vel fanen Side → Innstillingar → Bakgrunn (i LibreOffice Draw).


Ingen

Ikkje fyll det merkte objektet.

Farge

Fyller objektet med ein farge vald på denne sida.

Fargeovergang

Fyller objektet med ein fargeovergang vald på denne sida.

Punktbilete

Fyller objektet med eit biletemønster vald på denne sida. Du kan leggja til punktbilete i denne lista ved å trykkja på knappen Legg til / importer frå fana Punktbilete.

Mønsterelement

Fyller objektet med eit enkelt tofarga mønster vald på denne sida.

Skravering

Fyll det merkte objektet med det skraverte mønsteret du valde frå lista. For å leggja til ein bakgrunnsfarge til det skraverte mønsteret, kryssar du av for bakgrunnsfarge og trykkjer på ein farge i lista.

Tipsikon

Du kan også velja fyllmetodar frå listeboksen på verktøylinja Teikneobjekteigenskapar.


Ikon

Områdestil/fyll

Vel den fylltypen du vil bruka på teikneobjektet.