Linje
Vel formateringa av den valde linja eller for dei linjene du vil teikna. Du kan også leggja til pilspissar på ei linje eller endra henne til eit diagramsymbol.
Linjeeigenskapar
Stil
Vel den linjestilen du vil bruka.
Farge
Breidd
Vel breidda på linja. Du kan leggja til ei måleeining. Ein nullverdi gjev ei linje med ei breidd på ein piksel i mediet ho vert vist på.
Gjennomsikt
Skriv inn kor gjennomsiktig linja skal vera. Du kan velja ein verdi mellom 0% (heilt gjennomsiktig) og 100% (heilt opak).
Fana Linje i dialogvindauget Dataseriar er berre tilgjengeleg viss du vel ein XY-diagramtype.
Ikon
Set innstillingane for datapunktsymbola i diagrammet.
Vel
Vel kva symbolstil du vil bruka i diagrammet. Om du vel automatisk, bruker LibreOffice standardsymbola for den valde diagramtypen.
Breidd
Vel kor breitt symbolet skal vera.
Høgd
Vel kor høgt symbolet skal vera.
Same storleiksforhold
Oppretthald proporsjonane til symbolet/teiknet når du endrar høgda eller breidda.
Pilstilar
Du kan leggja til nye pilhovud til ein eller begge endane. Vel pila i dokumentet og gå til fanaPilstilar i dette dialogvindauget for å leggja til ein tilpassa pilstil i denne lista.
Stil
Vel kva pilspiss du vil bruka på den valde linja.
Breidd
Vel kor brei pilspissen skal vera.
Midtstilt
Plasser midten av pilspissane på slutten av linja.
Synkroniser innhaldet
Oppdaterer innstillingane til begge pilspissane automatisk når du skriv inn ei ny breidd, vel ein annan stil på pilspissane eller midtstiller ein pilspiss.
Hjørne- og linjesluttstilar
Hjørnestil
Vel utsjånaden på hjørne på linjer. Viss det er ein liten vinkel mellom linjene, vert ei spiss form byt ut med ei gradert form.
Linjesluttsttil
Vel stilen som skal brukast for linjeslutt. Den valde stilen vert også brukt på indre strekar.