Justera (objekt)

Juster dei valde objekta i høve til kvarandre.

Merknadsikon

Viss eitt av dei valde objekta er forankra som eit teikn, vil nokre av justeringsinnstillingane ikkje fungera.


For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Justering (LibreOffice Writer og LibreOffice Calc)

Vel Endra → Justering (med valde objekt) (LibreOffice Draw)

Opna sprettoppmenyen og vel Justering (med valde objekt) (LibreOffice Impress og LibreOffice Draw)


Merknadsikon

Ikkje alle slags objekt kan veljast saman. Ikkje alle modulane (Writer, Calc, Impress, Draw) støtter alle typar justering.


Venstrejuster

Juster venstrekantane på dei merkte objekta. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert venstrekanten på objektet justert til venstremargen på sida.

Midtstill vassrett

Midtstiller objekta langs ei vassrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert midten av objektet justert til det vassrette midtpunktet på sida.

Høgrejuster

Justerer høgrekantane på dei merkte objekta. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert høgrekanten på objektet justert til høgremargen på sida.

Toppjustert

Juster dei øvre hjørna på dei merkte objekta langs ei loddrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert toppkanten til objektet justert i høve til toppmargen på sida.

Juster loddrett midtstilt

Midtstiller dei valde objekta loddrett. Dersom berre eitt objekt ervalt i Draw eller Impress, vert midten av objektet justert i høve til den loddrette midtlinja på sida.

Botnjuster

Juster dei nedre hjørna på dei merkte objekta langs ei loddrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert den nedre kanten til objektet justert i høve til botnmargen på sida.