Asiatisk-fonetisk hjelp

Gjer at du kan leggja til merknadar til asiatiske teikn for å visa korleis orda skal uttalast.

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

For å bruka denne funksjonen …

Meny Format → Asiatisk lydskrift.


  1. Vel eitt eller fleire ord i dokumentet.

  2. Vel Format → Asiatisk lydskrift.

  3. Skriv inn teksten som skal brukast som hjelp til uttale i feltet Kringtekst.

Grunntekst

Viser grunnteksten du valde. Viss du vil kan du endra grunnteksten ved å skriva inn ny tekst her.

Kringtekst

Skriv inn teksten du vil skal vera rettleiande for uttalen av grunnteksten (kringteksten).

Justering

Vel den loddrette plasseringa av kringteksten.

Posisjon

Vel kvar du vil plassera kringteksten.

Teiknstil for kringtekst

Vel teiknstil for kringteksten.

Stilar

Opna vindauget for der du kan velja teiknstil for den fonetiske teksten (rubystil).

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Bruk

Tar i bruk dei endra eller valde verdiane utan å lukka dialogvindauget.