Byta mellom store og små bokstavar

Endrar dei valde teikna frå små til store eller store til små bokstavar. Dersom skrivemerket står i eit ord, vert alle bokstavane i ordet endra.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Tekst eller Format → Tekst → Stor/liten bokstav


Innleiande stor forbokstav

Endrar den første bokstaven i den merkte vestlege teksten til stor bokstav.

Små bokstavar

Endrar den merkte vestlege teksten til små bokstavar.

Store bokstavar

Endrar den merkte vestlege teksten til store bokstavar.

Stor forbokstav på kvart ord

Endrar den første bokstaven i kvart ord i den merkte vestlige teksten til stor bokstav.

Slå bokstavstorleiken av/på

Slår bokstavstorleiken av og på for dei merkte vestlege teikna.

Støtte for asiatiske språk

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Halv breidd

Endrar den valde asiatiske teksten til halv breidd.

Full breidd

Endrar dei valde asiatiske teikna til full breidd.

Hiragana

Endrar den valde asiatiske teksten til Hiragana.

Katakana

Endrar den valde asiatiske teksten til Katagana.