Botntekst
Legg til ein botntekst til sidestilen. Botnteksten er eit område i nedste sidemarg der du kan leggja inn tekst eller bilete.
Du kan òg leggja til kantlinjer eller ein bakgrunn til ein botntekst.
Vel Botntekst på og trykk OK for å ta i bruk ein botntekst i dokumentet.
Viss du vil la ein botntekst gå ut i sidemargane, kan du setja inn ei ramme i botnteksten.
Du kan flytta tekstmarkøren raskt frå dokumentteksten til topp- eller botnteksten ved å trykkja CmdCtrl + Page Up eller Page Down. Trykk den same tastekombinasjon igjen for å flytta tekstmarkøren tilbake til dokumentteksten.
Botntekst
Vel eigenskapane for botnteksten.
Botntekst på
Legg til ein botntekst i den gjeldande sidestilen.
Likt innhald på venstre- og høgresider
Bruk den same botnteksten på partals- og oddetalssider. For å leggja inn ulik botntekst på partals- og oddetalssider, fjern avmerkinga her og vel Rediger.
Same innhald på den første sida
Førstesida og like/ulike sider deler det same innhaldet.
Venstremarg
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom venstre kant av sida og venstre kant av botnteksten.
Høgremarg
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom høgre kant av sida og høgre kant av botnteksten.
Avstand
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom nedre kant av teksten i dokumentet og øvre kant av botnteksten.
Bruk dynamisk mellomrom
Opphevar innstillinga for mellomrom og tillet at området til botnteksten utvidar seg inn i området mellom dokumentteksten og botnteksten.
Høgd
Skriv inn høgda på botnteksten.
Tilpass høgda automatisk
Justerer automatisk høgda på botnteksten i høve til kva du skriv inn.
Meir
Definerer ei kantlinje, ein bakgrunnsfarge eller eit bakgrunnsmønster for botnteksten.
Rediger
Legg til eller rediger botnteksten.