Topptekst
Legg til topptekst i sidestilen. Toppteksten er eit område i øvste sidemarg der du kan leggja til tekst eller bilete.
Du kan òg leggja til kantlinjer eller ein bakgrunn i ein topptekst.
Vel Topptekst på og trykk OK for å leggja ein topptekst til i sidestilen.
Viss du vil at ein topptekst skal gå ut i sidemargane, må du setja inn ei ramme i toppteksten.
Du kan flytta tekstmarkøren raskt frå dokumentteksten til topp- eller botnteksten ved å trykkja CmdCtrl + Page Up eller Page Down. Trykk den same tastekombinasjon igjen for å flytta tekstmarkøren tilbake til dokumentteksten.
Topptekst
Vel eigenskapane for toppteksten.
Topptekst på
Legg til topptekst i den gjeldande sidestilen.
Likt innhald på venstre- og høgresider
Bruk det same innhaldet på partals- og oddetalssider. For å leggja inn ulik topptekst på partals- og oddetalssider, fjern avmerkinga her og vel Rediger.
Same innhald på den første sida
Førstesida og par-/oddetalssider deler det same innhaldet.
Venstremarg
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom venstre kant av sida og venstre kant av toppteksten.
Høgremarg
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom høgre kant av sida og høgre kant av toppteksten.
Avstand
Skriv inn kor stor avstanden skal vera mellom nedre kant av toppteksten og øvre kant av teksten i dokumentet.
Bruk dynamisk mellomrom
Opphevar oppsettet av mellomrom og tillet området til toppteksten å utvida seg inn i området mellom dokumentteksten og toppteksten.
Høgd
Skriv inn kor høg toppteksten skal vera.
Tilpass høgda automatisk
Justerer høgda på toppteksten automatisk til å passa til innhaldet og skriftstorleiken du bruker.
Meir
Definerer ei kantlinje, ein bakgrunnsfarge eller eit bakgrunnsmønster for toppteksten.
Rediger
Legg til eller rediger toppteksten.