Side

Vel sidemarg, utsjånaden på ein- og fleirsidige dokument, sidenummerering og papirformat.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Side → Side

Vel fanen Lysbilete → Innstillingar → Side (i LibreOffice Impress).

Vel fanen Side → Innstillingar → Side (i LibreOffice Draw).

Vel Format → Stilhandsamar, opna sprettoppmenyen til ei oppføring og vel fana Endra/Ny → Side


Sideformat tabulatorside

Merkja det største utskriftsområdet på ei side

Papirformat

Vel frå ei liste med førehandsgjevne papirstorleikar, eller vel eit eige format.

Format

Vel ein førehandsdefinert papirstorleik eller lag ein sjølv ved å skriva inn storleiken på papiret i felta Høgd og Breidd.

Breidd

Viser breidda til det valde papirformatet. Skriv inn ein verdi her om du vil velja eit eige papirformat.

Høgd

Viser høgda på det valde papirformatet. Skriv inn ein verdi her om du vil velja eit eige papirformat.

Ståande

Viser og skriv ut dokumentet med ståande papirretning.

Liggjande

Viser og skriv ut dokumentet med liggjande papirretning.

Tekstretning

Vel tekstretninga som skal brukast i dokumentet. Tekstretninga «høgre-til-venstre (loddrett)» vil rotere alle utformingsinnstillingane 90 grader, unntatt topp- og botntekstar.

Papirskuff

Vel papirkjelda til skrivaren du nyttar. Du kan også bruka ulike papirmagasin for ulike sidestilar. For eksempel kan du bruka ei eiga skuffe til førstesidestilen og ha brevark med brevhovud i denne skuffa.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Margar

Vel kor langt det skal vera mellom kantane på sida og dokumentteksten.

Venstre/indre

Vel kor stort mellomrom du vil ha mellom venstre kant på papiret og teksten i dokumentet. Vel mellomrommet mellom indre tekstmarg og indre kant av sida viss du bruker Spegla sideoppsett.

Høgre/ytre

Vel kor stort mellomrom du vil ha mellom høgre kant på papiret og teksten i dokumentet. Vel mellomrommet mellom indre tekstmarg og indre kant av sida viss du bruker Spegla sideoppsett.

Topp

Vel kor stort mellomrom du vil ha mellom øvre kant av sida og teksten i dokumentet.

Botn

Vel kor stort mellomrom du vil ha mellom nedre kant av sida og teksten i dokumentet.

Utformingsinnstillingar

Format

Vel formatet for sidetal som du vil bruka i den gjeldande sidestilen.

Endra måleeiningar