Skjer til

Klipper eller skalerer det valde biletet. Du kan òg tilbakestilla biletet til den opphavlege storleiken.

For å bruka denne funksjonen …


Skjer til

Bruk dette området for å skjera til eller skalera det valde biletet, eller for å leggja til luft rundt biletet.

Same skala

Held på det opphavlege høvet mellom høgd og breidd i biletet når du skjer det til, slik at berre storleiken vert endra.

Same biletstorleik

Held på den opphavlege storleiken på biletet når du skjer det til, slik at det vert skalert. For å skalera ned biletet, vel du dette alternativet og skriv inn ein negativ verdi i skjeringsboksane. For å skalera opp, skriv du inn positive verdiar i skjeringsboksane.

Venstre

Viss Same skala er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den venstre kanten av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt til venstre for biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet vassrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.

Høgre

Viss Same skala er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den høgre kanten av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt til høgre for biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet vassrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.

Topp

Viss valet Same forhold er valt, skriv inn ein positiv verdi for å klippa vekk litt av den øvre delen av biletet. Skriv inn ein negativ verdi for å leggja til eit kvitt felt over biletet. Viss Hald på storleiken er valt, skriv inn ein positiv verdi for å skalera opp biletet loddrett. Skriv inn ein negativ verdi for å skalera ned.

Botn

Dersom Same forhold er valt, skriv du inn ein positiv verdi for å klippa bort nedste del av biletet eller ein negativ for å leggja til kvitt tomrom. Dersom Hald på storleiken er valt, skriv du inn ein positiv verdi for å auka den vertikale skaleringa av biletet, eller ein negativ for å minka.

Skalering

Skalerer det valde biletet.

Breidd

Vel breidda på biletet i prosent.

Høgd

Vel høgda på biletet i prosent.

Biletstorleik

Endrar storleiken på det valde biletet.

Breidd

Vel kor breidt det valde biletet skal vera.

Høgd

Vel kor høgt det valde biletet skal vera.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Opphavleg storleik

Stiller storleiken på grafikken tilbake til den opphavlege storleiken.