Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

I Writer og Calc kan du bestemma plasseringa, storleiken og stilen for kanten.

For å bruka denne funksjonen …

(desse funksjonane finst berre i Writer og Calc)

Vel fana Format → Avsnitt → Kantlinjer

Vel fana Format → Bilete → Eigenskapar → Kantar

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Kantlinjer

Vel fana Format → Side → Kantlinjer

Vel fana Format → Teikn → Kantlinjer

Vel Format → Stilhandsamar, opna sprettoppmenyen til ei oppføring og vel fana Endra/Ny → Kantlinjer

Vel knappen Format → Side → Topptekst → Meir

Vel knappen Format → Side → Botntekst → Meir


Linjeoppstilling

Vel ein førehandsdefinert kantstil.

Viss du er i ein tabell eller eit rekneark, kan du òg leggja til eller fjerna førehandsgjevne kantlinjer. Bruk Kantlinjer-knappen på Tabellinja til dette.

Knappar på formatlinja:

Ikon

Kantlinjer

Linje

Vel kantlinjestilen du vil bruka. Stilen vert brukt på kantlinjene som er valde i førehandsvisinga.

Knappar på formatlinja:

Ikon

Linjestil

Vel kva farge som du vil bruka på dei valde kantlinjene.

Fyll

Vel kor stor avstand det skal vera mellom kanten og innhaldet i utvalet.

Venstre

Vel kor stor avstanden mellom venstre marg og innhaldet i utvalet skal vera.

Høgre

Vel kor stor avstanden mellom høgre marg og innhaldet i utvalet skal vera.

Topp

Vel kor stor avstanden mellom toppmargen og innhaldet i utvalet skal vera.

Botn

Vel kor stor avstanden skal vera mellom botnmargen og innhaldet i utvalet.

Synkroniser

Brukar same avstand frå innhaldet til alle fire kantane når du skriv inn ein ny avstand.

Skuggestil

Du kan òg bruka ein skuggeeffekt på rammer. For best resultat bør du berre bruka denne effekten når alle fire kantlinjene er synlege.

Merknadsikon

Bilete eller objekt som er forankra til ei ramme i dokumentet, kan ikkje overstiga storleiken av ramma. Viss du brukar ein skugge på kantlinjene til eit objekt som fyller ei heil ramme, vert objektet gjort mindre slik at skuggane vert viste.


Posisjon

Klikk på ein skuggestil for dei merkte kantane.

Avstand

Vel kor brei skuggen skal vera.

Farge

Vel kva farge skuggen skal ha.