Tabulatorar

Vel kvar i avsnittet ein tabulator skal liggja.

Du kan òg bruka linjalen til å velja tabulatorposisjonane.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Avsnitt → Tabulatorar

Vel Format → Stilhandsamar, opna sprettoppmenyen til ei oppføring og vel fana Endra/Ny → Tabulatorar

Dobbeltklikk på linjalen


Plassering

Vel ein tabulatortype, skriv inn ein ny verdi og trykk Ny. Viss du vil, kan du også velja måleeininga som tabulatoren skal bruka (cm for centimeter eller " for tommar). Eksisterande tabulatorar til venstre for den første tabulatoren du set, vert sletta.

Type

Vel tabulatortypen du vil endra.

Venstre

Viss støtte for asiatiske språk er slått på, er namnet på denne tabulatoren Venstre/topp.

Juster venstre kant av teksten etter tabulator og strekk teksten mot høgre.

Høgre

Viss støtte for asiatiske språk er slått på, er namnet på denne tabulatoren Høgre/botn.

Juster høgre kanten av teksten etter tabulator og strekk teksten mot venstre.

Midtstilt

Sentrer teksten i høve til tabulatoren.

Desimal

Justerer tal slik at desimalteiknet ligg midt på tabulatoren. Eventuell tekst vert plassert til venstre for tabulatoren.

Teikn

Skriv inn eit teikn som skal brukast av desimaltabulatoren som desimalskiljar.

Fyllteikn

Vel teikna som skal visast i tomrommet til venstre for tabulatoren.

Ingen

Set inn «ikkje-fyll»-teikn eller slett noverande «fyll»-teikn til venstre for tabulator.

.......

Fyll tomrommet til venstre for tabulator med punktum ( … ).

------

Fyll tomrommet til venstre for tabulator med strekar ( --- ).

______

Teikna ein strek for å fylla tomrommet til venstre for tabulator.

Teikn

Gjer at du kan velja eit teikn som skal fylla tomrommet til venstre for tabulatoren.

Ny

Legg tabulatoren du har valt til avsnittet.

Slett alle

Fjernar alle tabulatorane som du har sett under Posisjon. Venstre tabulator vert sett med jamne mellomrom som standard tabulator.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan å spørja om stadfesting.