Bestemmer plassering, skalering, rotasjon og mellomrom for teikn.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Teikn → Plassering

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen til ei oppføring og vel fana Endra/Ny → Justering


Endringane vert brukt til det merkte området, til heile ordet som markøren står i eller til ny tekst som du skriv inn.

Posisjon

Vel at eit teikn skal setjast i heva eller senka skrift.

Heva skrift

Forminskar skrifta for den markerte teksten og løfter ho frå grunnlinja.

Normal

Fjernar heva eller senka skriftformatering.

Senka skrift

Forminskar skrifta for den markerte teksten og senkar ho under grunnlinja.

Hev/senk med

Skriv inn kor mykje teksten skal hevast eller senkast i høve til grunnlinja. 100 % svarar til høgda på skrifta.

Relativ skriftstorleik

Skriv inn kor mykje skriftstorleiken for den merkte teksten skal forminskast.

Automatisk

Set automatisk kor mykje den markerte teksten skal hevast eller senkast i høve til grunnlinja.

Rotasjon/skalering

Skaler breidd

Skriv inn kor mange prosent av skriftbreidda den merkte teksten skal strekkjast eller komprimerast.

Avstand

Vel avstanden mellom enkeltteikn.

Avstand

Bestemmer avstanden mellom teikna i den merkte teksten. For å utvida eller krympa avstanden skriv du inn ein verdi for avstanden mellom teikna i talboksen.

Tipsikon

Set ein positiv verdi for å auka avstanden og ein negativ verdi for å minska avstanden.


Parvis kerning

Juster avstanden automatisk for den spesifikke teiknkombinasjonen.

Kerning er berre tilgjengeleg for nokre skrifter og krev at skrivaren du bruker støttar dette.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.