Hyperlenkje

Lag ei ny hyperlenkje eller rediger den valde hyperlenkja. Ei hyperlenkje er ei lenkje til ei fil på Internett eller på det lokale systemet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Teikn → Hyperlenkje


Hyperlenkje

Vel eigenskapane for hyperlenkja.

Adresse

Skriv inn nettadressa til måldokumentet som skal lastast inn når du trykkjer på hyperlenkja. Om du ikkje skriv inn ei målramme, opnar fila seg i gjeldande dokument eller ramme.

Bla gjennom

Finn fila du vil lenkje til og klikk så Opna.

Referanse

Skriv inn teksten som skal visast for lenkja.

Hendingar

Skriv inn hendinga som skal aktiverast når du klikkar på lenkja.

Namn

Skriv inn eit namn for lenkja. LibreOffice set inn ein NAME-tagg i lenkja:

<A HREF="http://www.example.com/" NAME="Nametext" TARGET="_blank">Notat</A>

Ramme

Skriv inn namnet på ramma du vil at fila som lenkja viser til skal opnast i, eller vel ei ramme frå lista. Om du ikkje skriv inn noko her, vert fila opna i dette vindauget til nettlesaren.

Namnet på ramma

Definisjon

Namngjevne oppføringar

Fila vert opna i ei namngjeven ramme i det gjeldande HTML-dokumentet.

_self

Fila vert opna i den gjeldande ramma.

_blank

Fila vert opna i ei ny side.

_parent

Fila vert opna i den overordna ramma for den gjeldande ramma. Viss det ikkje finst ei overordna ramme, vert den gjeldande ramma brukt.

_top

Fila vert opna i den øvste ramma i hierarkiet.


Teiknstilar

Vel formateringsinnstillingane for hyperlenkja.

Besøkte lenkjer

Vel ein formateringsstil som skal brukast på besøkte lenkjer frå lista. For å leggja til eller endra ein stil i lista, lukkar du dialogvindauget og trykkjer på knappen Stilar på verktøylinja for formatering.

Ikkje besøkte lenkjer

Vel ein formateringsstil for ikkje-besøkte lenkjer på lista. For å leggja til eller endra ein stil i lista, lukkar du dialogvindauget og trykkjer på knappen Stilar på verktøylinja for formatering.