Tal / format

Vel kva format som skal brukast på dei merkte cellene.

For å bruka denne funksjonen …

.

Opna sprettoppmenyen til ei kolonneoverskrift i ein open databasetabell og vel fana Kolonneformat → Format

Vel fana Format → Akse → Y-akse → Tal (i diagram)

Finst også i dialogvindauget Talformat for tabellar og felt i tekstdokument. Vel Format → Talformat eller fana Set inn → Felt → Andre → Variablar og vel «Fleire format» frå Format-lista.


Kategori

Vel ein kategori frå lista. Vel deretter ein formateringsstil i Format-boksen.

Format

Vel korleis du vil visa innhaldet av cellene du har merkt. Koden for det valde alternativet vert vist i formatkode-boksen.

Listeboksar med valutakategoriar

Vel ein valuta og rull opp til toppen av Format-lista for å sjå dei ulike alternativa for den valde valutaen.

Merknadsikon

Formatkoden til valutaar er på forma [$xxx-nnn], der xxx er valutasymbolet og nnn landskoden. Spesielle banksymbol, som EUR (for Euro), krev ikkje landskode. Valutaformatet er ikkje avhengig av språket som er valt i Språk-boksen.


Språk

Vel språkinnstillingar for dei merkte . Om språkinnstillingane står på Automatisk, tek LibreOffice automatisk i bruk talformatet som høyrer saman med standardspråket. Vel kva språk som helst for å ordna innstillingane for dei valde .

Språkinnstillinga sikrar at dato- og valutaformata og desimal- og tusenskiljeteikna vert tekne vare på, sjølv når dokumentet vert opna i eit operativsystem som bruker ei anna språkinnstilling som standard.

Kjeldeformat

Bruker det same talformatet som cellene som inneheld dataa til diagrammet.

Innstillingar

Vel innstillingane for det valde formatet.

Tal på desimalplassar

Skriv inn kor mange desimalplassar som skal visast.

Nemnarplassar

Med brøkformat, skriv inn kor mange plassar som skal visast for nemnaren.

Innleiande nullar

Skriv inn høgste talet på nullar som skal visast før desimalteiknet.

Negative tal i raudt

Endra fargen på negative tal til raudt.

Bruk tusenskilje

Set inn eit tusenskiljeteikn. Kva skiljeteikn som vert brukt, er avhengig av språkinnstillingane.

Teknisk notasjon

Med vitskapleg format vil teknisk notasjon syte for at eksponenten er eit multippel av 3

Formatkode

Viser koden til talformatet for det valde formatet. Du kan også skriva inn eit eige format. Desse alternativa er berre tilgjengelege for sjølvvalde talformat.

Legg til

Legg til koden for talformat du skreiv inn i den sjølvvalde kategorien.

Slett

Slett talformatet du har merkt. Endringane vert tekne i bruk etter at du har starta LibreOffice på nytt.

Rediger kommentar

Legg til ein merknad til talformatet du har vald.

Namnelinje

Skriv inn ein merknad for det valde talformatet og klikk på utsida av denne boksen.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Kodar for talformat: tilpassa formatkodar definert av brukaren.