Skrifteffektar
Vel den skrifta du vil bruka.
Skriftfarge
Vel farge på den merkte teksten. Om du vel Automatisk vert tekstfargen svart på lyse bakgrunnar og kvit på mørke.
-
For å endra fargen på tekst, merk teksten som du vil endra, og trykk på Skriftfarge. Du kan velja andre fargar med pila ved sida av Skriftfarge-knappen.
-
Viss du trykkjer på Skriftfarge-knappen før du merkjar tekst, vil malespannpeikaren vert viste. For å endra fargen på tekst, merkjar du teksten med malespannpeikaren. For å endra fargen på eit enkeltord, dobbeltklikkar du i ordet. For å bruka ein annan farge, trykk på pila ved sida av Skriftfarge-knappen, og vel fargen du vil bruka.
-
Høgreklikk for å angra den siste endringa.
-
For å stoppa å bruka malespannet, kan du anten klikka ein gong med musepeikaren, eller trykkja på «Escape»-tasten.
Tekstfargen vert sett vekk frå viss det er kryssa av for Utskrift i svart under Verktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Skriv ut.
Tekstfargen vert ignorert på skjermen viss avkryssingsboksen Bruk automatisk skriftfarge for skjermvisinga i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice - Tilgjenge.
Effektar
Vel skrifteffekten som skal brukast.
Effektar
Følgjande effektar for store og små bokstavar er tilgjengelege:
-
Utan – ingen effektar
-
Store bokstavar – gjer dei merkte små bokstavane til store
-
Små bokstavar – gjer dei merkte store bokstavane til små
-
Tittelskrift – gjer den første bokstaven i alle ord til stor bokstav
-
Små versalar – gjer dei merkte små bokstavane til store bokstavar og reduserer storleiken
Relieff
Vel ein relieff-effekt du vil leggja til teksten. «Utheva» vil få teikna til å sjå ut som om dei er heva over papiret. Vel du «Utskore» vil det sjå ut som om teikna er pressa ned i papiret.
Disposisjon
Viser omrisset av det valde teiknet. Denne effekten verkar ikkje for alle skrifttypane.
Skugge
Legg ein skugge under og til høgre for det valde teiknet.
Blinkande
Gjer at det valde teiknet blinkar. Du kan ikkje endra blinkfrekvensen.
Gøymd
Gøymer dei merkte teikna. For å visa den gøymde teksten, må Formateringsteikna vera vald i menyen Vis. Du kan òg velja LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Formateringshjelp og velja Gøymd tekst.
Overstreking
Vel den overstrekingsstilen du vil bruka. Kryss av for Enkeltord om du vil at berre ord skal overstrekast.
Farge på overstrekinga
Vel farge for overstrekinga.
Gjennomstreka
Vel overstrekingsstil for den markerte teksten.
Viss du lagrar dokumentet i Microsoft Word-format, vert alle gjennomstrekingar gjorde om til den enkeltstrekar.
Understreking
Vel den understrekingsstilen du vil bruka. Kryss av for Enkeltord om du vil at berre ord skal verta understreka.
Viss du bruker understreking på ein tekst i heva skrift, vert understrekinga flytt opp til den heva skrifta. Viss den heva skrifta er ein del av eit ord i normal tekst, vert ikkje understrekinga heva.
Farge på understrekinga
Vel farge for understrekinga.
Enkeltord
Bruk den valde effekten berre på ord og ikkje på mellomrom.
Trykkmerka
Vel kva teikn som skal brukast over eller under heile den markerte teksten.
Posisjon
Vel kor aksentteiknet skal plasserast.