Vel kva format og skrift du vil bruka.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Teikn → Skrift

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen til ei oppføring og vel fana Endra/Ny → Skrift

Opna sprettoppmenyen til ei radoverskrift i ein databasetabell og vel fana Tabellformat → Skrift

Vel fana Format → Tittel → Teikn (i diagram)

Vel fana Format → Forklaring → Teikn (i diagram)

Vel fana Format → Akse → Teikn (i diagram)


Endringane vert brukt til det merkte området, til heile ordet som markøren står i eller til ny tekst som du skriv inn.

Avhengig av språkinnstillingane kan du endra formateringa for desse skrifttypane:

Merknadsikon

For å slå på støtte for kompleks tekst (CTL) og asiatiske teiknsett, vel → Språkinnstillingar → Språk og kryss av for Aktivert i det tilsvarande området.


Skriftdialog

Skrift

Skriv inn namnet på den av dei installert skriftene du ønskjer å bruka, eller vel frå lista.

Du kan sjå namnet på skriftene formatert i skrifta sjølv dersom du vel Førehandsvising i skriftlister i Verktøy → Innstillingar → LibreOffice → Vis.

Knappar på formatlinja:

Ikon

Skriftnamn

Skriftsnitt

Vel formateringa du vil bruka.

Knappar på formatlinja:

Ikon

Halvfeit

Ikon

Kursiv

Storleik

Skriv inn eller vel den skriftstorleiken du vil bruka. Ved skalerbare skrifter kan du også bruka desimaltal.

Viss du opprettar ein stil som er basert på ein annan stil, kan du skriva inn ein prosentverdi eller ein punktverdi (for eksempel -2pt eller +5pt).

Knappar på formatlinja:

Språk

Bestemmer kva språk stavekontrollen skal bruka for den markerte teksten eller teksten du skriv inn. Tilgjengelege språkmodular er merkte med ein hukk.

Viss språklista er ein kombinasjonsboks som kan redigerast, kan du skriva inn ein gyldig BCP 47 språkkode viss språket du vil bruka ikkje er i lista.

Du finn meir om språkkodene i avsnittet For users på nettsida langtag.net.

Åtvaringsikon

Stavekontrollen for det valde språket fungerer berre dersom den tilsvarande språkmodulen er installert.Det er eit kryss framfor ei språkoppføring dersom ho er aktivert for dette språket.


Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.