Set inn OLE-objekt

Set inn eit OLE-objekt i dokumentet. OLE-objektet vert sett inn som ein lenkja eller eit innebygd objekt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Objekt → OLE-objekt

Opna verktøylinja Set inn og trykk

Ikon

OLE-objekt


Merknadsikon

Du kan ikkje bruka utklippstavla eller dra og slepp for å flytta OLE-objekt til andre filer.


Tomme og inaktive OLE-objekt er gjennomsiktige.

Opprett nytt

Opprettar eit OLE-objekt med den objekttypen du vel.

Objekttype

Vel kva type dokument du vil oppretta.

Opprett frå fil

Lager eit OLE-objekt frå ei eksisterande fil.

Fil

Vel fila som du vil setja inn som eit OLE-objekt.

Fil

Skriv inn namnet på fila du vil lenkja til eller byggja inn, eller trykk Søk og leit fram fila.

Søk …

Finn den fila du vil setja inn og klikk deretter på Opna.

Lenkje til fil

Kryss av i denne boksen for å setja inn OLE-objektet som ei lenkje til den opphavlege fila. Viss det ikkje er kryssa av for denne boksen, vert OLE-objektet bygd inn i dokumentet.