Merknad

Set inn ein merknad rundt den merkte teksten eller der markøren er.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Merknad


Slik set du inn merknadar

I Writer vil kommandoen Set inn → Merknad eller tastekombinasjonen + C setja inn eit merknadsanker der skrivemerket er. I margen kjem det opp eit merknadsfelt der du kan skriva inn merknaden. Ei linje bind saman ankeret og merknadsfeltet. Viss eit tekstområde er markert, vert merknaden knyt til dette området.

I Calc, Draw og Impress vil kammandoen Set inn → Merknad setja inn ein merknad.

Namnet på forfattaren og dato og tid for når merknaden vart laga, vert vist nedst i merknadsfeltet.

Merknadane frå ulike forfattarar får ulik farge. Vel > → LibreOffice → Brukarinformasjon for å skriva inn namnet ditt slik at det kan verta vist som forfattar av merknaden.

Rediger kommentar

Alle brukarane med skriverett til dokumentet kan redigera og fjerna merknadar for alle forfattarane.

Kommentarfeltet inneheld ei nedoverpil. Når du trykkjer på denne pila, vert det opna ein meny med kommandoar for å sletta merknadar.

Vel ein kommando for å sletta den gjeldande merknaden eller alle merknadane frå den same forfattaren som for den gjeldande merknaden, eller alle merknadane i dokumentet.

Viss merknaden i eit tekstdokument er skriven av ein annan forfatter vil det vere ein svar-kommando i lokalmenyen. Denne kommandoens et inn ein ny merknad ved sida av den du ønskjer å svara på. Begge merknadane vert forankra på same staden. Skriv inn svaret ditt i den nye merknaden og lagra og send dokumentet til dei andre forfattarane slik at også desse kan leggje til svar.

Bruk Vis → Merknadar for å visa eller gøyma alle merknadane.

I dialogvindauget «Søk og byt ut», som er tilgjengeleg når du arbeider med tekstdokument, kan du velja å ta med tekst i merknadar i søket.

Navigera frå merknad til merknad i tekstdokument

Når markøren er inne i ein merknad, kan du trykkja tastekombinasjonen + Page Down for å gå til neste merknad og + Page Up for å gå til den førre merknaden.

Når markøren er i den vanlege teksten, kan du bruka tastekombinasjonane nemnde ovanfor for å gå til det neste eller det førre merknadsankeret. Du kan også bruka det vesle navigasjonsvindauget under det loddrette rullefeltet for å gå frå eitt merknadsanker til det neste.

Tipsikon

Du kan også opna navigator-vindauget for å sjå ei liste over alle merknadane. Høgreklikk på namnet til ein merknad for å endra eller sletta merknaden.


Rediger kommentar

Du kan endra utskrivingseigenskapane for merknadar for alle tekstdokumenta i Verktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Skriv ut.

Merknadar i rekneark

Når du legg til ein merknad til ei celle, kjem det opp ei «snakkeboble» der du kan skriva inn teksten. Ein liten firkant i det øvre, høgre hjørnet av cella viser plasseringa av merknaden. For å visa merknaden permanent, høgreklikk i cella og vel Vis merknad.

For å endra objekteigenskapane for ein merknad, for eksempel bakgrunnsfargen, vel du Vis merknad som ovanfor og høgreklikkar på merknaden. (Ikkje dobbeltklikk på teksten).

For å redigera ein synleg merknad, dobbeltklikk på teksten. For å redigera ein merknad som ikkje er synleg, dobbeltklikk i cella som inneheld merknaden og vel deretter Rediger merknad. For å endra formateringa av merknadsteksten, høgreklikk på teksten i redigeringsmodus.

For å endra storleiken på ein merknad, dra i kanten eller eit hjørne av merknaden.

For å sletta ein merknad, høgreklikkar du på cella og vel Slett merknad.

Du kan også høgreklikka på eit merknadsnamn i vindauget som kjem opp når du trykkjer på knappen «Dokumentstruktur» og velja redigeringskommandoar derifrå.

For å setja utskriftsalternativa for merknadar i rekneark, vel Format → Side og klikk deretter fana Ark.

Merknadsikon

I Impress kan du bruka notatsida for å skriva ei side med notat for kvart bilete. I tillegg kan du også leggje til merknadar til bileta.