Fargelinje

Vis eller gøym Fargelinja. For å endra fargepaletten som vert vist, vel Format → Område, og gå til fana Fargar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Verktøylinjer → Fargelinje


Vel kva farge du vil bruka. Vel eit objekt og venstreklikk på ein farge viss du vil endra fyllfargen til objektet. Høgreklikk viss du vil endra fargen på kantlinjene. Dobbeltklikk på eit tekstobjekt, merk teksten og klikk på ein farge for å endra tekstfargen.

Du kan òg dra ein farge frå fargelinja og sleppa han på eit teikneobjekt på lysbiletet.

Tipsikon

For å losna Fargelinja, kan du trykkja i det grå området til verktøylinja og dra. Dra tittellinja til Fargelinja opp til kanten av vindauget for å festa henne att.