Skaler og vis oppsett

Forminskar eller forstørrar skjermvisinga av LibreOffice. Gjeldande forstørring vert vist som ein prosentverdi på statuslinja.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Skalering

Dobbeltklikk eller høgreklikk i feltet på statuslinja


Merknadsikon

Skalering vert handtert ulikt under Unix, Linux og Windows. For eksempel vert eit dokument som er lagra med skaleringsfaktoren «100 %» i Windows, vist større i Unix og Linux. For å endra skaleringsfaktoren, kan du dobbeltklikka eller høgreklikka prosentverdien på Statuslinja og deretter velja kva skaleringsfaktor du vil bruka.


Skaleringsfaktor

Vel skaleringsfaktor for det gjeldande dokumentet og alle dokumenta av same type som du seinare måtte opna.

Best mogleg

Pass til heile sida

Pass til breidda

Viser heile dokumentbreidda. Det kan henda at toppen og botnen av sida ikkje vert synleg.

100 %

Viser dokumentet i full storleik.

Variabel

Her kan du bestemma kor mange prosent av vanleg storleik dokumentet skal visast i. Trykk her og skriv inn ein prosentverdi i boksen.

Visingsutsjånad

Du kan velja korleis tekstdokument skal visast. Reduser skaleringa for å sjå verknaden når ulike innstillingar for vising vert brukte.

Automatisk

Når du vel «Automatisk», vil fleire sider verta viste ved sida av kvarandre med så mange sider som skaleringa tillet.

Éin etikett

Når du vel «Enkeltsider», vert den neste sida vist under den førrre, men aldri side om side.

Kolonne

Når du vel «Kolonnar», vert sidene viste ved sida av kvarandre i så mange kolonnar som er oppgjevne. Skriv inn kor mange kolonnar du vil bruka.

Bokmodus

Når du vel «Bokmodus», vert to sider viste ved sida av kvarandre, på same måten som i ei ope bok. Den første sida vert vist til høgre, med eit oddetal som sidenummer.