Liste
Godta eller forkast enkeltendringar.
Alle dei registrerte endringane i det gjeldande dokumentet vert viste i fana Liste. Viss du vil filtrere lista, kan du gå til fana Filter og velja filterkriteria. Viss lista innehelder nøsta endringar, vert tilknytinga vist uavhengig av filteret.
Nøsta endringar oppstår når endringar som er gjort av ulike forfattarar overlappar kvarandre.
Trykk plussteiknet ved sida av ei oppføring i lista for å sjå alle endringane som er registrerte i ei celle.
Viss ei av dei nøsta endringane for ei celle oppfyller eit filterkriterium, vert alle endringane for denne cella vist. Når du filtrerer endringslista, vert elementa viste i lista i ulike fargar ut frå denne tabellen:
Farge |
Tyding |
svart |
Oppføringa oppfyller eit filterkriterium. |
blå |
Éi eller fleire underoppføringar oppfyller eit filterkriterium. |
grå |
Underoppføringa svarar ikkje til eit filterkriterium. |
grøn |
Underoppføringa oppfyller eit filterkriterium. |
Valfelt
Viser endringane som er registrerte i dokumentet. Når du markerer ei oppføring i lista, vil endringa verta utheva i dokumentet. Klikk ei kolonneoverskrift for å sortera lista. Du kan velja fleire oppføringar i lista ved å halda nede CmdCtrl medan du klikkar.
For å redigera kommentaren til ei oppføring i lista, høgreklikk på oppføringa og vel Rediger → Kommentar.
Etter at du har godtatt eller avvist ei endring, vert oppføringane i lista sorterte på nytt etter «godtatt»- eller «avvist»-status.
Handling
Listar ut endringane som er gjort i dokumentet.
Plassering
Tal på celler i fila med innhald som er endra.
Forfattar
Viser brukaren som gjorde endringane.
Dato
Viser tidspunktet då endringane vart gjort.
Kommentar
Viser merknadane som er lagt til endringa.
Godta
Godta den valde endringa og fjernar markeringa av henne.
Avvis
Avviser den valde endringa og fjernar markeringa av henne.
Godta alle
Godtar alle endringane og fjernar uthevingane frå dokumentet.
Avvis alle
Forkastar alle endringane og fjernar uthevingane frå dokumentet.
For å angra godkjenninga eller avvisinga av ei endring, vel Angra under menyen Rediger.
Angra
Viss du gjorde endringar ved å velja Verktøy → Autoformat → Bruk og rediger endringar, kjem Angre-knappen fram i dialogvindauget. Gjer om førre «Godkjenn»- eller «Forkast»-kommando.
Det er fleire kommandoar i sprettoppmenyen til lista:
Rediger kommentar
Rediger merknaden til den valde endringa.
Sorter
Sorterer lista etter kolonneoverskriftene.
Handling
Sorterer lista i høve til endringstype.
Forfattar
Sorterer lista etter forfattar.
Dato
Sorterer lista etter tidspunkt.
Kommentar
Sorterer lista i høve til merknadane som er lagt til i endringane.
Dokumentposisjon
Sorterer lista nedover ut frå plasseringa til endringane i dokumentet. Dette er standard sorteringsmetode.