Rediger lenkjer

Let deg redigera eigenskapane til kvar lenkje i dokumentet, også stien til kjeldefila. Denne kommandoen er ikkje tilgjengeleg dersom dokumentet ikkje inneheld lenkjer til andre filer.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Lenkjer


Merknadsikon

Når du opnar ei fil som inneheld lenkjer, vert du spurd om lenkjene skal oppdaterast. Oppdateringa kan ta fleire minutt, avhengig av kor dei lenkja filene er lagra.


Merknadsikon

Viss du opnar ei fil som inneheld DDE-lenkjer, vert du spurd om lenkjene skal oppdaterast. Ikkje godta oppdateringa viss du ikkje vil kopla til DDE-tenaren.


Dobbeltklikk på ei lenkje i lista for å opna eit dialogvindauge der du kan velja eit anna objekt for lenkja.

Kjeldefil

Viser stien til kjeldefila.

Element

Viser kva program (viss kjent) som sist lagra kjeldefila.

Type

Viser filtypen, som for eksempel bilete, for kjeldefila.

Status

Viser tilleggsinformasjon om kjeldefila.

Automatisk

Oppdaterer automatisk innhaldet i lenkja når du opnar fila. Endringar som er gjort i kjeldefila vert då viste i fila som inneheld lenkja. Lenkja biletfiler kan berre oppdaterast manuelt. Dette er ikkje tilgjengeleg for ei lenkja biletfil.

Valet Automatisk er berre tilgjengeleg for DDE-lenkjer. Du kan setja inn ei DDE-lenkje ved å kopiera innhaldet frå ei fil og lima det inn ved å velja Rediger → Lim inn utval og deretter kryssa av for Lenkje. Sidan DDE er eit system for tekstbasert lenking, vert berre desimalar som vert viste i kjeldecella, kopiere til målcella.

Manuell

Oppdaterer berre lenkja dersom du trykkjer oppdateringsknappen.

Oppdater

Oppdaterer lenkja slik at den siste lagra versjonen av den lenkja fila vert vist i dokumentet.

Endra

Endra kjeldefila for den valde lenkja.

Bryt lenkje

Bryt lenkja mellom kjeldefila og dokumentet du arbeider med. Det siste oppdaterte innhaldet av kjeldefila vert teke vare på i det gjeldande dokumentet.