Dokumentstruktur for hovuddokument
I eit hovuddokument kan du skifta mellom normalvising og hovuddokumentsvising.
«Dokumentstruktur» viser hovudkomponentane i hovuddokumentet. Viss du held musepeikaren over namnet på eit underdokument i lista, vert heile stien til underdokumentet vist.
Hovudvisinga i dokumentstrukturen viser desse knappane:
Slå på/av hovudutforminga
Byter mellom hovuddokumentsvising og normalvising.
Slå på/av hovudutforminga
Rediger
Redigerer innhaldet av komponenten som er valt i «Dokumentstruktur»lista Viss utvalet er ei fil, vert fila opna for redigering. Viss utvalet er eit register, vert dialogvindauget for register opna.
Rediger
Oppdater
Trykk og vel innhaldet du vil oppdatera.
Oppdater
Utval
Oppdater innhaldet av utvalet.
Register
Oppdater alle registera.
Lenkje
Oppdater alle lenkjene.
Alt
Oppdater alt innhaldet.
Rediger lenkje
Denne kommandoen finn du ved å høgreklikka på ei innsett fil i dokumentstrukturvindauget.Endra lenkjeeigenskapane for den valde fila.
Set inn
Set inn ei fil, eit register eller eit nytt dokument i hovuddokumentet.
Du kan òg setja inn filer i hovuddokumentet ved å dra ei fil frå skrivebordet og sleppa henne i hovudvindauget til «Dokumentstrukturen».
Set inn
Register
Set inn eit register eller ei innhaldsliste i hovuddokumentet.
Fil
Set inn ei eller fleire filer i hovuddokumentet.
Nytt dokument
Lag og set inn eit nytt underdokument. Når du opprettar eit nytt dokument vert du spurd om å skriva inn filnamnet og kvardu vil lagra dokumentet.
Tekst
Set inn eit nytt avsnitt i hovuddokumentet, der du kan skriva inn tekst. Du kan ikkje setja inn tekst ved sida av ei tekstoppføring som finst frå før i «Dokumentstruktur».
Lagra med innhald
Lagrar ein kopi av innhaldet i filene som er lenkja til hovuddokumentet. Dette sikrar at innhaldet er tilgjengeleg sjølv når dei lenkja filene ikkje er det.
Lagra med innhald
Flytt nedover
Flytt eit hakk lenger ned i «Dokumentstruktur»-lista. Du kan ôg flytta oppføringar ved å dra og sleppa dei i lista. Om du flyttar ein tekstbolk til ein annan tekstbolk, vert dei to teksbolkane fletta.
Flytt nedover
Flytt oppover
Flytt eit hakk lenger opp i «Dokumentstruktur»-lista. Du kan ôg flytta oppføringar ved å dra og sleppa dei i lista. Om du flyttar ein tekstbolk til ein annan tekstbolk, vert dei to teksbolkane fletta.
Flytt oppover
Slett
Slettar utvalet frå «Dokumentstruktur»-lista.