Eigenskapar

Vel kva for teksteigenskapar du vil søkja etter. Du kan for eksempel søkja etter eigenskapen Skrift. Då vert alle tilfelle i teksten som ikkje brukar standardskrifta funne. All tekst som har direkte koda teksteigenskapar vert funne og all tekst der ein stil endrar skrifteigenskapane.

Søkja etter eigenskapar

Innstillingar

Vel attributta du vil søkja etter.

Avstand

Finn eigenskapen Avstand (topp, botn).

Blinkande

Finn teikn som bruker eigenskapen Blinkande.

Del opp avsnitt

Finn eigenskapen Ikkje del opp avsnitt.

Disposisjon

Finn eigenskapen Omriss.

Effektar

Finn teikn som brukar teikneigenskapane Store bokstavar, Små bokstavar, Små versalar og Tittel.

Enkeltord

Finn enkeltord som bruker eigenskapen understreka eller gjennomstreka.

Enker

Finn eigenskapen Enkekontroll.

Foreldrelause

Finn eigenskapen Foreldrelause.

Gjennomstreka

Finn teikn som bruker eigenskapen Gjennomstreka (enkel eller dobbel).

Hald saman med neste avsnitt

Finn eigenskapen Hald saman med neste avsnitt.

Innrykk

Finn eigenskapen Innrykk (frå venstre, frå høgre, første linje).

Justering

Finn eigenskapen Justering (venstre, høgre, midtstilt, blokkjustert).

Kerning

Finn eigenskapane Avstand (standard, utvida, smal) og kerning (parvis kniping).

Linjeavstand

Finn eigenskapen Linjeavstand (enkel, 1,5 linjer, dobbel, proporsjonal, minst, innleiande).

Loddrett tekstjustering

Finn eigenskapen Loddrett tekstjustering.

Orddeling

Finn eigenskapen Orddeling.

Posisjon

Finn teikn som brukar eigenskapane Normal, Heva eller Senka skrift.

Relieff

Finn eigenskapen Relieff.

Rotering

Finn eigenskapen Rotering.

Set i kegel

Finn eigenskapen Set i kegel.

Sidestil

Finn eigenskapen Bryt med sidestil.

Skalering

Finn eigenskapen Skala.

Skrift

Finn alle førekomstar der standardskrifta er endra.

Skriftfarge

Finn alle førekomstar der standardskrifta er endra.

Skriftstilling

Finn eigenskapen Kursiv eller Halvfeit og kursiv.

Skriftstorleik

Finn eigenskapen Skriftstorleik/skrifthøgd.

Skrifttjukn

Finn eigenskapen Halvfeit eller Halvfeit og kursiv.

Skuggelagd

Finn eigenskapen Skuggelagd.

Språk

Finn eigenskapen Språk (til staving).

Tabulatorar

Finn avsnitt som bruker ein ekstra tabulator.

Teiknbakgrunn

Finn teikn som bruker eigenskapen Bakgrunn.

Understreking

Finn teikn som bruker eigenskapen Understreking (enkel, dobbel, eller prikka).