Likskapssøk

Kryss av for å søkja etter uttrykk som liknar på Søk etter-teksten. Kryss av her og trykk på Liknande-knappen for å tilpassa likskapssøket.

For eksempel kan likskapssøket finna ord som er like med teksten Søk etter bortsett frå to teikn.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Søk og byt ut → Likskapssøk og kryss av for Likskapar.

Trykk på knappen Søk på verktøylinja Tabelldata. Kryss av for Likskapssøk og trykk på . (Databasetabellvising)

Trykk på Søk-knappen på verktøylinja Skjemautforming. Kryss av for Likskapssøk og trykk på . (Skjemavising)


Likskapar

Tilpass likskapssøket.

Innstillingar

Vel kriteria for å avgjera om eit ord liknar søkjeuttrykket.

Byt ut teikn

Skriv inn kor mange teikn som kan bytast ut i søkjeuttrykket. Viss du for eksempel skriv inn «2», vil «svart» og «klart» verta oppfatta som like.

Legg til teikn

Vel det høgste tal på ekstra teikn som ord kan ha for framleis å verta funne av søket som liknande ord.

Fjern teikn

Vel kor mange teikn kortare enn søkjeordet eit ord kan vera.

I kombinasjon

Kryss av for å søkja etter eit uttrykk som passar ein vilkårleg kombinasjon av innstillingane.