Liste over regulære uttrykk

Teikn

Resultat/bruk

Vilkårleg teikn

Representerer kva teikn som helst viss ikkje anna er spesifisert.

.

Representerer kva teikn som helst unntatt linje- og avsnittsskifte. For eksempel vil søkjeuttrykket «K.rt» returnere treff på både «Kart» og «Kort»

^

Søkjeuttrykket vert berre funne viss det er i byrjinga av eit avsnitt. Spesielle objekt i starten av avsnittet, som tomme felt eller teiknforankra rammer, vert ikkje tatt med. Eksempel: «^Peter».

$

Søkjeuttrykket vert berre funne viss det er i slutten av eit avsnitt. Spesielle objekt i starten av avsnittet, som tomme felt eller teiknforankra rammer, vert ikke tatt med. Eksempel: «Peter$»

$ åleine svarar til slutten av eit avsnitt. På denne måten er det råd å søka og byta ut avsnittskiljeteikn.

*

Søkjer etter ingen eller fleire teikn framføre «*». For eksempel «Ab*c» finn «Ac», «Abc», «Abbc», «Abbbc» og så vidare.

+

Finn ingen eller fleire teikn framføre «+». For eksempel «AX.+4» finn «AXx4» men ikkje «AX4»

Den lengste moglege strengen i eit avsnitt som passar dette søket, vil alltid verta funnt. Viss avsnittet inneheld strengen «AX 4 AX4», vert heile avsnittet markert.

?

Gir treff på førekomstar med ingen eller eitt av teikna framføre «?». For eksempel vil «Tekstar?» gje treff på «Tekstar» og «Teksta» og «x(ab|c)?y» vil gje treff på «xy», «xaby» og «xcy».

\

Søket tolkar spesialteiknet etter «\» som eit normalt teikn, ikkje som eit regulært uttrykk (med unntak for «\n», «\t», «\>» og «\<»). For eksempel vil «tre\.» gje treff på «tre.» men ikkje på «treg» eller «trea».

\n

Representerer eit linjeskift som vart sett inn med «Shift + Enter». Du kan gjera eit linjeskift om til eit avsnittskift ved å skriva inn \n i felta Søk etter og Byt ut med og deretter bruka søk og byt ut med.

\n i feltet Søk etter står for eit linjeskift som er sett inn med «Shift + Enter».

\n i feltet Byt ut med står for eit avsnittsskift som er sett inn med «Enter»-tasten.

\t

Står for ein tabulator. Du kan òg bruka dette uttrykket i feltet Byt ut med.

\b

Finn ei ordgrense. For eksempel vil «\bbok» finna «bokmerke» men ikkje «lommebok» medan «bok\b» vil finna «lommebok» men ikkje «bokmerke». Når ordet «bok» står åleine, vert det funne av begge søkjeuttrykka.

^$

Finn eit tomt avsnitt.

^.

Finn det første teiknet i eit avsnitt.

& eller $0

Legg tekststrengen, som vart funnen med søkjekriteriet i feltet Søk etter, til uttrykket i feltet Byt ut med når du byter ut.

For eksempel kan du skriva inn «dialog» i feltet Søk etter og «&vindauge» i feltet Byt ut med for å byta ut «dialog» med «dialogvindauge».

Du kan også skriva inn «&» i Byt ut med-feltet for å endra Eigenskapane eller Formatet til ein streng som vert funnen med søkjekriteriet.

[abc123]

Står for eitt av teikna mellom hakeparentesane.

[a-e]

Står for eit vilkårleg teikn mellom a og e.

Teikna er sorterte etter kodenummeret deira.

[a-eh-x]

Står for eit vilkårleg teikn mellom a og e eller h og x.

[^a-s]

Står for eit vilkårleg teikn som ikkje er mellom a og s.

\uXXXX

\UXXXXXXXX

Står for eit teikn basert på den firesifra, heksadesimale Unicode-koden (XXXX).

For spesialteikn finst det ein eigen variant med stor U og åtte heksadesimale siffer (XXXXXXXX).

For visse symbolskrifter kan verdien av spesialteikn vera avhengig av skrifttypen som vert brukt. Du kan sjå verdiane ved å velja Set inn → Spesialteikn.

|

Finn uttrykka som kjem før «|» og etter «|». For eksempel vil «før|etter» finna «før» og «etter».

{2}

Bestemmer kor mange gongar teiknet framføre parantesen minst må finnast. For eksempel vil søk på «tre{2}» gje treff på «treet» men ikkje på «trea».

{1,2}

Bestemmer kor få og kor mange gongar teiknet framføre startparentesen kan finnast i den søkte teksten. For eksempel vil eit søk på «søk{1,2}e» gje treff på «søke» og «søkke».

{1,}

Bestemmer kor få gongar teiknet framføre startparentesen kan finnast i den søkte teksten. For eksempel vil eit søk på «tre{2,}» gje treff på «tree», «treee» og «treeee».

( )

I feltet Finn:

Definerar teikna inne i prentesane som ein referanse. Du kan så referer til den første referansen i det første uttrykket med «\1», til den andre referansen med «\2» og så vidare.

Viss teksten for eksempel inneheld talet «13487889», og du søkjer med det regulære uttrykket «(8)7\1\1», vil «8788» verta funne.

Du kan også nytta () for å gruppera uttrykk. For eksempel vil «a(bc)?d» gje treff på «ad» og «abcd».

I feltet Byt ut med:

Bruk «$» (dollarteiknet) i staden for «\» (omvendt skråstrek) for å erstatta referansar. Bruk «$0» til å erstatte heile den fundne strengen.

[:alpha:]

Representerer ein bokstav. Bruk [:alpha:]+ for å finne éin eller fleire av dei.

[:digit:]

Representerer eit desimalsiffer. Bruk [:digit:]+ for å finne eitt eller fleire av dei.

[:alnum:]

Står for eit alfanumerisk teikn ([:alpha:] og [:digit:]).

[:space:]

Representerer eit mellomromsteikn (men ingen andre blankteikn).

[:print:]

Står for eit teikn som kan skrivast ut.

[:cntrl:]

Står for eit kontrollteikn, eit teikn som ikkje vert skrive ut.

[:lower:]

Står for ein liten bokstav viss Skil store og små bokstavar er valt under Innstillingar.

[:upper:]

Står for ein liten bokstav viss Skil store og små bokstavar er valt under Innstillingar.


Eksempel

e([:digit:])? -- søkjer etter 'e' følgd av null eller eit siffer. Legg merkje til at alle namngjevne klassar som for eksempel [:digit:] må skrivast i parentesar.

^([:digit:])$ -- søkjer etter linjer eller celler med nøyaktig eitt siffer.

Du kan kombinera søkjeuttrykk for å laga komplekse søk.

Slik finn du tresifra tal som står for seg sjølv i eit avsnitt:

^[:digit:]{3}$

^ betyr at treffet må vera i starten av eit avsnitt,

[:digit:] gjev treff på kva tal som helst i titalssystemet,

{3} betyr at det må vera nøyaktig tre førekomster av «digit»,

$ betyr at treffet må vera til slutt i eit avsnitt.