Søk og byt ut
Finn eller erstattar tekst eller formaterer dokumentet.
Finn
Skriv inn teksten du vil søkja etter eller vel eit tidlegare søk frå lista.
Søkjeinnstillingane finn du i feltet Finn eller i området Andre innstillingar i dialogvindauget.
Skil mellom store og små bokstavar
Skil mellom små og store bokstavar.
Heile celler Berre heile ord
Søkjer etter heile ord eller celler som er identiske med søkjeteksten.
Alle ark
Søkjer gjennom alle arka i det opna reknearket.
Byt ut
Skriv inn ein erstatningstekst i kombinasjonsboksen, eller vel eit tidlegare søk frå lista.
Vala for byt ut finn du i feltet Finn eller i området Andre innstillingar i dialogvindauget.
Søk etter alle
Finn og markerer alle førekomstar av teksten eller formatet du søkjer etter i dokumentet. (Dette kan berre gjerast i Writer- og Calc-dokument).
Finn førre
Finn og merkjer den førre førekomsten av tekst eller format du søkte etter i dokumentet.
Finn neste
Finn og merkjer den neste førekomsten av tekst eller format du søkte etter i dokumentet.
Byt ut
Byter ut den valde teksten eller formatet som du søkte etter, og søk etter neste.
Byt ut alle
Erstattar alle tilfella av tekst eller format som du ønskjer å bytte ut. Gjenta denne kommandoen til alle erstatningane på biletet er utførte.
Andre innstillingar
Vis fleire eller færre val. Trykk på knappen igjen for å gøyma utvida søkjeval.
Berre i merkt område
Søkjer berre i merkt tekst eller merkte celler.
Byt ut bakover
Søket byrjar der skrivemerket står og går bakover til byrjinga av fila.
Regulære uttrykk
Regulære uttrykk
Avsnittsstil / inkludere stilarCellestilar
Søkjer etter tekst formatert med stilen du oppgjev. Merk av i denne boksen og vel ein stil frå Søk etter-lista. Du oppgjev stilen du vil byta ut med ved å velja han i Byt ut med-lista.

Etter at du har vald kva eigenskapar du vil søkja etter, endrar Søk etter stilar-boksen i området Val i LibreOffice Writer-dialogvindauget Søk og byt ut seg til Ta med stilar.

Viss du vil søkja etter tekst med eigenskapar frå direkte formatering og stilar, må du kryssa av Ta med stilar.
Ta vare på teiknbreidd (berre viss asiatiske språk er brukt)
Skil mellom teikn med halv og heil breidd.
Høyrest ut som (japansk) (berre viss asiatiske språk brukt)
Let deg velja søkjeinnstillingar for liknande skriftsystem på japansk. Kryss av her og trykk Lyd-knappen for å velja søkjeinnstillingar.
Søkjeinnstillingar for japansk
Kommentarar
I Writer kan du velja å ta med merknadstekstane i søka dine.
Eigenskapar
Format
Finn spesielle tekstformateringseigenskapar som skrifttypar, skrifteffektar og tekstflytkarakteristikkar.
Uformatert
Klikk i feltet Søk etter eller Byt ut og klikk deretter på denne knappen for å fjerna søkjekriteria baserte på format.

Søkjekriterium for formateringseigenskapar vert viste under feltet Søk etter eller Byt ut med.
Retning
Vel søkjerekkjefølgja for cellene.
Rader
Søk frå venstre mot høgre gjennom radene
Kolonnar
Søkjer ovanfrå og nedover gjennom kolonnane
Søk i
Formlar
Søkjer etter dei teikna du har oppgjeve i formlar og i faste, ikkje utrekna, verdiar. Du kan for eksempel søkja etter formlar som inneheld «SUM».
Verdiar
Søkjer etter dei teikna du har oppgjeve i verdiar og i resultata av formlar.
Merknadar
Leitar i merknadane som er knytt til celler etter dei teikna som du har spesifisert.

Når dialogvindauget Søk og byt ut er lukka, kan du likevel søkja med dei sist innskrivne kriteria ved å trykkja Shift + CmdCtrl + F.