Lim inn utval
Set inn innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit valfritt format.
Kjelde
Viser kjelda for innhaldet i utklippstavla.
Utval
Vel eit format for innhaldet i utklippstavla som du ønskjer å lime inn.
Når du limer inn HTML-data i eit tekstdokument, kan du velja «HTML-format» eller «HTML-format utan merknadar». Det andre valet er standard og alle HTML-dataa vert limte inn, men ikkje merknadane.
Lim inn utval
Dette dialogvindauget vert vist i Calc viss utklippstavla inneheld reknearkceller.
Utval
Vel eit format for innhaldet som du vil lima inn frå utklippstavla.
Lim inn alt
Limer inn cellinnehaldet med merknadar, format og objekt i det gjeldande dokumentet.
Tekst
Set inn celler som inneheld tekst.
Tal
Set inn celler som inneheld tal.
Dato og klokkeslett
Set inn celler som inneheld dato- og klokkeslettverdiar.
Formlar
Set inn celler som inneheld formlar.
Merknadar
Set inn merknadar som vert kopla til celler. Viss du ønskjer å leggje merknadane til det eksisterande celleinnhaldet, vel «Legg til».
Format
Set inn celleformateringar.
Objekt
Set inn objekt frå det valde området. Desse objekta kan vera OLE-objekt, diagramobjekt eller teikneobjekt.
Operasjonar
Vel kva operasjon som skal utførast når du limer inn celler i arket.
Ingen
Legg ikkje til ei handling når du limar inn celleområdet frå utklippstavla. Innhaldet i utklippstavla vil erstatta innhaldet i cellene.
Legg saman
Legg verdiane i utklippstavla til verdiane i målcellene. Viss det finst merknadar i utklippstavla, vert desse lagt til i målcellene.
Trekk frå
Trekkjer verdiane i utklippstavla frå verdiane i målcellene.
Gonga
Multipliserer verdiane i cellene frå utklippstavla med verdiane i målcellene.
Dela
Dividerer verdiane i målcellene med verdiane i cellene på itklippstavla.
Innstillingar
Vel innstillingar for innliming av innhald frå utklippstavla.
Hopp over tomme celler
Tomme celler frå utklippstavla vil ikkje erstatta målcellene. Viss du vel dette valet saman med gange- eller dele-funksjonen, vert ikkje desse utførte på tomme celler frå utklippstavla.
Viss du vel ein rekneoperasjon og ikkje vel innstillinga Hopp over tomme celler, vert tomme celler i utklippstavla handsama som nullar. Viss du for eksempel bruker operasjonen Gonga, vert målcellene fylte med nullar der det er tomme celler i området frå utklippstavla.
Byt rader og kolonnar
Rader i utvalet som er kopierte til utklippstavla, vert limte inn slik at dei vert kolonnar i det valde området. Kolonnar i utvalet som er kopierte til utklippstavla, vert limte inn og omgjorde til rader.
Lenkje
Set inn celleområdet som ei lenkje, slik at endringar som vert gjort i celler i kjeldefila vert oppdatert i målfila. Om du vil sikra at endringar som er gjort i tomme celler i kjeldefila vert oppdatert i målfila så sjekk at òg Set inn alt er valt.
Du kan òg lenkja ark innanfor det same reknearket. Når du lenkjer til andre filer, vert det laga ei DDE-lenkje automatisk. Ei DDE-lenkje vert sett inn som ein matriseformel, og den må redigerast som éi eining.
Flytt celler
Vel korleis målcellene skal flyttast når innhald frå utklippstavla vert sett inn.
Ikkje flytt
Celler som vert sette inn erstattar målcellene.
Nedover
Målcellene vert flytt nedover når du set inn celler frå utklippstavla.
Til høgre
Målcellene vert flytt til høgre når du set inn celler frå utklippstavla.