Lim inn
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sidan av knappen for å velja format.
Når du i eit rekneark set inn eit celleområde frå utklippstavla, er resultatet avhengig av den gjeldande markeringa: Viss berre éi celle er merkt, vert celleområdet sett inn frå denne cella. Viss eit celleområde som er større enn det merkte celleområdet skal limast inn, vert celleområdet limt inn fleire gongar for å fylla heile det merkte celleområdet.
Lima inn innhald i LibreOffice Calc
Når du kopierer ei celle eller eit område inn i LibreOffice Calc, vert utvalet merkt med blinkande strekar (såkalla «marsjerande maur») for å visa kva som vart merkt ved bruken av utklippstavla.
Det er to ulike måtar å lima inn innhaldet frå utklippstavla i eit rekneark:
-
Ved hjelp av snarvegen Ctrl+V, ved hjelp av symbolet Lim inn på verktøylinja eller å velja : Ein kopi av innhaldet i utklippstavla vert limt inn i det merkte området, men vert verande i utklippstavla slik at du kan lima det inn fleire stader. Den kopierte utvalsmarkeringa vert ståande akriv.
-
Bruker du Enter vert innhaldet i utklippstavla limt inn og deretter vert utklippstavla tømt. Det er altså ikkje råd å lime inn det same innhaldet fleire stader. Den kopierte utvalsmarkeringa vert kopla frå.
Du kan slå av den kopierte markeringa ved å trykkja tasten Esc. Utklippstavla vert ikkje tømt.