Angra
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.

For å endra kor mange kommandoar du kan angra, gå til Opna avanserte innstillingar og endra verdien for /org.openoffice.Office.Common/Undo Steps.

Nokre kommandoar (for eksempel redigering av stilar) kan ikkje angrast.

Du kan angra kommandoen «Angra» ved å velja «Rediger → Gjenopprett».
Om angrekommandoen i databasetabellar
Når du arbeider med databasetabellar kan du berre angra den siste kommandoen.

Viss du endrar innhaldet av ein datapost i ein databasetabell, som ikkje har vorte lagra, og deretter bruker kommandoen Angra, vert dataposten sletta.
Om angra-kommandoen i presentasjonar
Angrelista vert sletta når du bruker eit nytt oppsett til eit lysbilete.