Lag hovuddokument

Lagar eit hovuddokument av det nåverande Writer-dokumentet. Eit nytt underdokument vert laga ved kvar førekomst av ein vald avsnittsstil eller eit vald disposisjonsnivå i kjeldedokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Send → Lag hovuddokument


Dokumentstrukturen vert vist etter at du har laga eit hovuddokument. Dobbeltklikk på eit underdokument i Dokumentstrukturen for å redigera det.

Visingsområde

Viser filene og mappene i den mappa du er i.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

skilt med

Vel avsnittsstilen du vil bruka for å dela kjeldedokumentet i underdokument. Standardstilen er å laga eit nytt dokument for kvart kapittelnivå 1.

Filtype

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Lagra

Lagrar fila.