Skriv ut

Skriv ut dokumentet, merkt tekst eller dei sidene du oppgjev. Du kan også setja opp utskriftsval for dokumentet. Utskriftsvala kan variera etter kva skrivar og operativsystem du bruker.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Skriv ut

+ P

På verktøylinja «Standard», trykk

Ikon

Skriv ut fil direkte


Dialogvindauget for utskriving er sett saman av tre hovuddelar: Ei førehandsvising med navigeringsknappar, fleire faner med kontrollelement tilpassa dokumenttypen og heilt nedst i vindauget knappar for å skrive ut («OK»), avbryte og for å få hjelp.

Om du berre ønskjer å vite korleis du kan skrive ut eit dokument, trykk på ei av lenkjene nedanfor.

Skriva ut tekstdokument:

Skriva ut ein brosjyre

Førehandsvisa ei side før utskrift

Skriva ut fleire sider på eitt ark

Skriva ut i omvend rekkjefølgje

Val av papirkjelde

Skriva ut rekneark:

Definere utskriftsområde for eit ark

Skrive ut rekneark

Bestemme kor mange sider som skal skrivast ut

Skrive ut ark liggjande

Skrive ut rader eller kolonnar på kvar side

Skriva ut presentasjonar:

Skriva ut presentasjonar

Utskriving av eit lysbilete som er tilpassa ein papirstorleik

Generell utskriving:

Skriva ut raskare med reduserte data

Skriva ut i svart-kvitt

Merkja det største utskriftsområdet på ei side

Merknadsikon

Innstillingane som vert definerte i dialogvindauget «Skriv ut» gjeld berre for den utskrivinga som vert utført når du trykkjer knappen «Skriv ut». Ønskjer du å endra innstillingane for alle utskriftene, gjer du desse frå menyen Verktøy → Innstillingar → LibreOffice (programnamn) → Skriv ut.


Merknadsikon

Trykk Shift+F1 eller vel Hjelp → Kva er dette? og peik på eit kontrollelement i dialogvindauget for utskriving for å sjå hjelpeteksten for elementet.


Førehandsvising

Førehandsvisinga viser korleis utskrifta vil sjå ut på papir. Du kan bla deg gjennom alle arka ved hjelp av knappane nedanfor førehandsvisinga.

Generelt

Du finn dei viktigaste kontrollelementa for utskrivinga på fana «Generelt». Her kan du velja skrivar og setja opp innstillingane for den valde skrivaren. Du kan også bestemma kva innhald i dokumentet som skal skrivast ut.

LibreOffice Writer / Calc / Impress / Draw / Math

Fana med det same namnet som det gjeldande programmet kan verta brukt til å definera innhald, farge, storleik og kva sider som skal skrivast ut. Du set innstillingane som er spesifikke for den gjeldande dokumenttypen.

Sideoppsett

Fana for sideoppsett kan brukast for å spara papirark ved å skriva ut fleire sider på kvart ark. Du definerer sideplasseringa og storleik på papirarket.

Endra oppstillinga av sider som skal skrivast ut på kvart papirark. Du kan sjå korleis oppstillinga vil verta på førehandsvisinga.

For nokre dokumenttypar kan du velja å skrive ut som brosjyre.

Skriva ut ein brosjyre

Innstillingar

Du kan setja fleire innstillingar for den aktuelle utskrivinga i fana for innstillingar. Her kan du også velja å skriva til ei fil i staden for til ein skrivar.