Dokumenteigenskapar

Vis eigenskapane til dokumentet, med statistikk slik som talet på ord og når det vart oppretta.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Eigenskapar


Dialogvindauget Eigenskapar har desse fanene:

Generelt

Inneheld grunnleggjande informasjon om fila.

Skildring

Inneheld skildringar av dokumentet.

Sjølvvalde eigenskapar

Let deg leggja inn sjølvvalde informasjonsfelt i dokumentet.

Tryggleik

Set passordinnstillingane for det gjeldande dokumentet.

Skrifter

Bygg inn dokumentskrifter i fila.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.

Merknadsikon

Avhengig av kva tilgangsrettar du har til fila, kan det henda du ikkje får sjå alle fanene i dialogvindauget Eigenskapar.